Høyring av forslag til vedtekter for kommunale barnehagar

Det er utarbeida eit forslag til vedtekter for dei kommunale barnehagane i Midt-Telemark kommune. Det har vore oppe i ei arbeidsgruppe beståande av styrarane frå dei kommunale barnehagane. Styrarane frå dei private barnehagane har og fått lese gjennom forslaget. Administrasjonen ønsker at dei nye vedtektene skal gjelde frå 01.01.20.

Høyringsfrist 08.02.19. 

Sjå dokument om Forslag til nye vedtekter for barnehagane i Midt-Telemark kommune (PDF, 603 kB).

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 22.01.2019

Det er lagt inn forslag om endring i pkt. 5.3 Opptakskrets. Forslaget er at det no kan søkjast om plass for alle barn som er busette i Midt-Telemark kommune, og at ein har fjerna Bø kommune som eiga opptakskrets. Søkjaren sine ønsker og behov skal framleis tilleggas stor vekt ved sjølve opptaket, jf. barnehagelovens § 12 første ledd.

Det er også lagt inn ei spesifisering under pkt. 5.6: Andre prioriteringar, og punkt F: "Barnet sin situasjon m.a. med vekt på heimesituasjon og leikemiljø. Dette er no foreslått å endre til "Barn av familiar som har store belastningar grunna sjukdom eller nedsett funksjonsevne hos føresette eller sysken".  Her er det og lagt til at det må ligge føre relevant dokumentasjon frå spesialisthelsetenesta, for å bekrefte at føresette eller søsken har alvorlege og varig sjukdom, eller nedsatt funksjonsevne. Dette for at søkarane lettare kan sjå kva slags dokumentasjon ein må legge ved for å få prioritering ved søknad om barnehageplass.

Vi har fjerna pkt. 8: Tilflyttingsplassar, da det ikkje har vært mogleg å holde av plassar dei siste åra grunna stor etterspørsel etter barnehageplass i kommunen. Dei som søker etter frist vil stå på venteliste.

Det er lagt til eit avsnitt om samanhengande sjukdomsforløp og foreldrebetaling under pkt. 9. Foreldrebetaling. Dersom eit barn har eit samanhengande sjukdomsforløp, ut over ein månad, kan foreldra søkje fritak frå foreldrebetalingen til barnehagens styrar. Legeattest må følge søknaden.

Under punkt 13: Tilsyn. Her har vi endra frå å ha eit felles tilsynsorgan for Bø og Sauherad kommune, til at det no er kommunen sjølv som fører tilsyn med barnehagane, med heimel i barnehagelova § 16.

Utover dette er det ikkje andre større endringar i dei nye vedtektene.

 

Merknader kan sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Postboks 83, 3833 Bø i Telemark