Oppstart av tre kommunedelplanar - oppvekst, helse og omsorg og teknisk infrastruktur

Samfunnsdelen.JPG - Klikk for stort bilete Anders Hekkli

Sauherad og Bø kommunar startar no arbeidet med kommunedelplanar for dei tre store sektorane oppvekst, helse og omsorg og teknisk infrastruktur. Planane skal konkretisere korleis sektorane skal innrette si verksemd for å nå dei overordna måla for Midt-Telemark kommune fastsett i ny samfunnsdel av kommuneplanen.

Det er utarbeidd eit planprogram for kvar av dei tre planprosessane, og desse er no lagt ut til offentleg ettersyn og høyring med høyringsfrist 20.8.19.

Sauherad og Bø kommunar har saman utarbeidd samfunnsdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune med langsiktige mål og strategiar for ny kommune innanfor fire satsingsområde:
  • SAMAN - demokrati, identitet og samskaping
  • SKAPAR – attraktivitet for næring, bustad og besøk
  • VI – livskvalitet og levekår
  • FRAMTIDA – innovativt, smart og grønt Midt-Telemark
Fellesnemnda for ny kommune vedtok 21.6.19 (sak 60/19) å starte arbeidet med tre kommunedelplanar der det skal konkretiserast korleis dei tre største sektorane skal innrette si verksemd for å nå dei overordna måla for Midt-Telemark kommune. Dette er helse og omsorg, oppvekst og teknisk infrastruktur. Tema, organisering og framdrift for kvar av kommunedelplanane går fram av forslag til planprogram:
Jf. plan- og bygningslova §11-12 sendast planprogramma no på høyring i 6 veker.
 
Kommunalsjefane for kvar sektor har ansvar for utarbeiding for sin kommunedelplan, og
spørsmål om planarbeidet kan rettast til dei:
  • Oppvekst: Beate Darrud (beate.darrud@bo.kommune.no)
  • Helse og omsorg: Cecilie Stangeby (Cecilie.Stangeby@sauherad.kommune.no)
  • Teknisk infrastruktur: Vidar Lofthus (vidar.lofthus@bo.kommune.no)
Kommunane ønskjer innspel til sjølve planarbeidet og til planprogrammet, og ber om at desse
sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Pb 83, 3833 Bø. Merk innspelet kva for
kommunedelplan innspelet gjeld. Frist for merknader og innspel er 20.8.19.
Sist endra 28.06.2019