Leiar for nye NAV Midt-Telemark er klar

Hanne Sommerfelt - Klikk for stort bilete Hanne Sommerfelt (37) er ansatt som leiar av nye NAV Midt-Telemark. Ho kjem frå stillinga som leiar for NAV Seljord.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 25.01.2018

NAV Midt-Telemark er planlagt etablera i 2018 og er samansett av NAV-kontora i kommunane Bø, Sauherad og Nome. Det nye kontoret organiseras som ein organisasjon, der hovedkontoret etableras i Bø. 

Bygger med involvering

- Eg ser fram til å ta del i den allereie påstarta prosessen om å forene tre NAV-kontor til eit NAV Midt-Telemark. Gjennom involvering og samhandling skal vi saman stake ut kursen og skape ein ny, felles kultur, eit sterkt fagmiljø og enda betre tenester for våre brukarar og arbeidsgjevarar i tida som kjem, seier Hanne Sommerfelt.

- Med Hanne Sommerfelt meiner vi å ha funne den rette personen til å etablere den nye organisasjonen i Midt-Telemark, og ser fram til korleis ho saman med sine medarbeidarar vil løyse oppgava til beste for alle dei som mottar tenester fra og samhandlar med NAV i ein ny, spennande region, seier fylkesdirektør Terje Tønnessen på vegne av partnerskapet mellom stat og kommune i området. Stillinga som leiar av NAV Midt-Telemark rapporterer til rådmann i Bø kommune som vertskommune og fylkesdirektør i NAV Telemark.

Hanne Sommerfelt har blant anna master i verdibasera ledelse og er diplommarkedsførar frå BI. Før stillinga som leiar av NAV Seljord har ho vært avdelingsleiar ved ulike avdelingar i NAV Sandefjord.