Måndag 23. september blir rv. 36 langs Seljordsvatnet stengd

 Fram til no er det lagt nye trekkerøyr for leidningar og vassrøyr i tunnelen. No når alle installasjonar skal fjernas saman med platene som utgjør vass- og frostsikring, er det naudsynt å stenge tunnelen for all trafikk. - Klikk for stort bileteFram til no er det lagt nye trekkerøyr for leidningar og vassrøyr i tunnelen. No når alle installasjonar skal fjernas saman med platene som utgjør vass- og frostsikring, er det naudsynt å stenge tunnelen for all trafikk. Tor Arvid A. Gundersen

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 18.09.2019

Stenger rv. 36

Riksveg 36 blir stengt måndag 23. september langs Seljordsvatnet mellom Bø og Seljord. Omkøyring for tunge køyretøy er E 134 om Notodden. 

Personbilar kan køyre fylkesveg 156 om Garvikstrondi. Fylkesvegen er oppgradert for meir enn 12 millionar kroner for å betre å ta imot auka trafikk, men Statens vegvesen anbefalar alle som kan om å bruke andre vegar for å unngå overbelastning på fylkesvegen.

Her kan du lese informasjonsbrevet (PDF, 274 kB) frå Statens vegvesen.

Lysregulering

Spesielt i samband med helger er det venta auka trafikk på omkøyringsvegen langs Seljordsvatnet. Dette kan bety at det til tider vil bli redusera framkommelighet på vegen, seier Anne Refsdal, som er delprosjektleiar for utbygginga av ny rv. 36 langs Seljordsvatnet.

Der vegen er på sitt smalaste og mest uoversiktlege, er det lysregulering. Her er det 650 meter mellom lyssignala. På begge sider er det detektorar som les trafikken og bestemmer kor lenge lyset skal vere grønt kvar veg.

Rehabiliterar tunnel

Omkøyringsvegen for tunge bilar er E 134 til Notodden, deretter fv. 360 til krysset med rv. 36 på Gvarv. Denne vegen er om lag 45-60 minuttar lenger enn den stengde vegen. Vegen vil vere stengd heilt fram til 1. desember.

Orsaka til at vegen blir stengd i denne perioden er både rehabiliteringa av Sjøormporten tunnel og utbygging av ny rv. 36. Fram til no har det blitt lagt ned nye vassrøyr og trekkerøyr i vegen gjennom tunnelen. Deretter skal alt vass- og frostsikring rivas og erstattas med ny. Dette arbeidet gjer det umogleg å køyre gjennom tunnelen. Samstundes vil også dei innleiande arbeida for bygging av ny rv. 36 ta til med blant anna hogst og bygging av anleggsvegar.

Opnar Mælefjelltunnelen

Samstundes startar tilrettelegginga for utbygginga av rv. 36. Frå 1. desember og fram til 6. januar neste år, vil vegen vere open, men det kan i den første halvdelen vere trafikkregulering.

Når vegen stengas igjen i januar, vil omkøyringsvegen om E 134 til Notodden vere forkorta med anslagsvis 15-18 minuttar etter at Mælefjelltunnelen er opna. Vegen vil vere open frå 1. mai til 1. oktober 2020. Deretter vil den bli stengd samanhengjande i maksimalt fem månadar fram mot 1. mai 2021. Innan sommaren 2021 skal vegen vere heilt ferdig bygd.

Kart

Omkøyring for tunge køyretøy er E 134 om Notodden. Personbilar kan køyre fv. 156 Garvikstrondi.

Kart omkjøringsveg.jpg - Klikk for stort bilete