Midt-Telemark kommune utarbeider ny arealdel av kommuneplanen. Høyring av planpgrogram

Midt-Telemark kommune startar no arbeidet med å utarbeide arealdelen av kommuneplanen for den nye kommunen. Forslag til planprogram for planarbeidet leggast no ut til offentleg ettersyn og innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og offentlege etatar kan kome med merknader til planprogram eller innspel til innhaldet i sjølve planen før 1.1.20. 

Publisert av Kristin Karlbom Dahle. Sist endra 03.12.2019

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet for kommunen og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen for Midt-Telemark kommune med langsiktige mål og strategiar er nyleg vedtatt av kommunestyra. Denne gir føringar for ny arealdel.

Bø og Sauherad kommunar har no kvar sine arealdelar, og i tillegg er det er ein eigen kommunedelplan for delar av Lifjell i Bø. Med ein ny arealdel for Midt-Telemark kommune vil ein få ein plan som følgjer opp ny samfunnsdel og eit samordna regelsett for heile den nye kommunen.

Gjeldande arealdelar for Sauherad og og kommunedelplan for delar av Lifjell vil inngå i ny arealdel. Som del av planarbeidet vil behov for oppheving av eldre reguleringsplanar bli vurdert og oppheving bli gjennomført dersom behov, jf. plan- og bygningslova §12-14.

Det er utarbeida eit forslag til planprogram (PDF, 2 MB) for planarbeidet. Planprogrammet fastset rammene for planarbeidet og omtaler plantema, medverknad, tema for utgreiingar, framdrift osb. Forslag til planprogram leggast no ut til offentleg ettersyn i 6 veker samtidig som kommunen varslar oppstart av planarbeidet, jf plan- og bygningslova §§11-12 og 13.

Offentlege organ, næringsliv, organisasjonar og privatpersonar kan no sende inn merknader til utkast til planprogram og/eller kome med innspel til innhaldet i sjølve planen tidleg i prosessen.

Planprogrammet vert lagt fram for endeleg godkjenning av kommunestyret etter offentleg ettersyn. Forslag til ny arealdel vil bli utarbeidd etter dette og leggast fram for formannskapet til behandling etter somaren 2020. Forslag til ny arealdel blir så lagt ut til offentleg ettersyn før vidare bearbeiding og endeleg godkjenning i kommunestyret i første kvartal 2021.

Innspel til planarbeidet og merknader til planprogrammet sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Pb 83, 3833 Bø innan 1.1.2020 og merkast «Kommuneplanens arealdel for Midt-Telemark kommune». Om du har spørsmål til planprogrammet eller planarbeidet elles, kan kommuneplanleggar Kristin Karlbom Dahle (krda@bo.kommune.no) kontaktast.