Ny arealdel for Midt-Telemark - ope plankontor i Bø og på Gvarv

Mennesker.jpg - Klikk for stort bilete Prosjektgruppa som utarbeider utkast til ny arealdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune flyttar ut av kontora 2. og 3.12. for å møte innbyggarar, organisasjonar og næringsliv som ønsker ein prat om ny arealdel. Velkommen innom Framstugo i Gullbring mandag 2.12. mellom kl 16 og kl 18 eller Frivillighetssentralen på Gvarv tirsdag 3.12. mellom kl 13 og kl 14.

Sauherad og Bø kommunar har no varsla oppstart av arbeid med ny arealdel og sendt planprogram (PDF, 2 MB) for prosessen på høyring. Frist for å kome med merknader til planprogrammet og innspel til sjølve planarbeidet er 1.1.20.

Om du har spørsmål til planarbeidet, ønskjer å drøfte ei problemstilling eller vil kome med innspel til planarbeidet, så er du velkommen til å kome innom vårt opne plankontor mandag 2. og tirsdag 3. desember. 

Sist endra 26.11.2019
Fann du det du leita etter?