Nytt tilbod til alle foreldre frå Bufdir

Skjermbilde.PNG - Klikk for stort bileteSkjermbilde.PNG Foreldrehverdag.no hjelper deg å bli betre kjend med barnet ditt og deg sjølv, og handlar om forholdet mellom dykk.

No lanserar Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nettstaden foreldrehverdag.no der foreldre kan finne fagleg kvalitetssikra informasjon om korleis dei kan forstå barnet sitt betre. Målet er å gje foreldre inspirasjon, tru på eigen omsorgsevne og bidra til å styrke samspelet i kvardagen. Nettstaden tek utgangspunkt i det anerkjente rettleiingsprogrammet ICDP (International Child Development Program) og er utvikla i samarbeid med fagfolk.

Foreldrehverdag.no byggjer på kunnskap om barns utvikling og viser korleis foreldre kan støtte barnet i dette.
Nettstaden inneheld artiklar, filmar og enkle oppgåver. Oppgåvene skapar refleksjon og kan hjelpe lesaren å omsette kunnskapen til eigen foreldrekvardag. Artiklane handlar om alt frå grensesetting, ros og anarkjenning til syskenkrangel, trass og ungdomstid.

Sist endra 24.05.2017