Skogbrannfara i Midt-Telemark - Brannsjefen opphevar vedtak

Skogbrann - Klikk for stort bilete Brannsjefen opphevar vedtaket som blei innført 13.07.2018 i samband med skogbrannfara i kommunane Bø, Nome og Sauherad. Oppheving av tidlegare vedtak gjeld frå måndag 13.08.2018.

Tidlegare vedtak fatta av brannsjefane i Telemark gjaldt forbod mot bruk av all ope eld som kunne antenne gras, skog og liknande inntil situasjonen endra seg ift. skogbrannfara.

I tillegg til gjeldande forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, blei det også innføra forbod mot bruk av ope eld i innmark og det blei betrakta som uaktsomt å tenne røyk og røykje i nærleiken av skog og utmark. Vedtaket blei fatta med heimel i Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebyging § 3.

Skogbrannfara vurderast generelt på Austlandet som fortsatt svært stor ifølgje Yr, men i enkelte kommunar i Telemark er skogbrannfara redusert til eit "normalt" nivå pga. ulik nedbørsmengde.

Det er viktig å presisere at sjølv om vedtaket som brannsjefane i Telemark tidlegare innførte er oppheva, gjeld framleis det generelle bålforbodet i perioden frå 15. april til og med 15. september om at einkvar har ein aktsomheitsplikt (ref. Lov om brannvern kap. 2, § 5 Den enkeltes plikt til å forebygge og begrense skadevirkningene ved brann, eksplosjon og annen ulykke og Forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet)

Der ein gjer opp eld eller behandlar brannfarlege gjenstandar, må ein vere særleg merksam på fara for uønskja anntenning og spreiing. Ved desse aktivitetane krevast ein spesiell aktsomheit og at ein tek naudsynte førehandsreglar. Aktsomheitsnorma er her altså strengare enn for andre aktivitetar.

Få meir informasjon om skogbrannfarevarsel her.

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på naudnummer 110.

Sist endra 13.08.2018