Største veksten i landet

Bø toppar Statistisk sentralbyrå sin statistikk over innbyggartal etter 3. kvartal 2017, med største prosentvis vekst i landet. Tala, som blei publisera i dag, viser at kommunen har ei auke i folketalet på 241 innbyggarar, noko som tilsvarar ein vekst på 3,9 %. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 19.12.2017

Dei neste kommunane på lista er Dyrøy og Ås, med ei auke på henholdsvis 2,6 og 2,0 %. Sauherad kommune har ein vekst på 0,8 %, som tilsvarar 35 nye innbyggarar.  

Det har vært ein forholdsvis moderat folkevekst i landet også i 3. kvartal. Tala for heile landet viser ei auke på 0,2 % i dette kvartalet, mens Telemark totalt har ei auke på 65 personar , 0,0 %. Kun tre kommunar i Telemark kan vise til vekst i innbyggartala dette kvartalet. Det gjeld Bø, Sauherad og Tokke. 

Meir informasjon om folkeveksten finn du på Statistisk sentralbyrå sine nettsider. Her kan du også sjå enda fleire fakta om Bø kommune