Tusen takk til alle bøsseberarar og alle dei som tok godt imot dei - TV-aksjonen

TV-aksjonskomiteen i Bø vil takke alle som bidrog i samband med TV-aksjonen på sundag.

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 23.10.2019

Bøsseberarar.jpg - Klikk for stort bilete På sundag 20. oktober var det 35 sjåførar og 97 bøsseberarar som tok årets viktigaste sundagstur i Bø. Desse flotte frivillige var både eldre, unge og born. Vi hadde ikkje klart å gjennomføre dette utan alle dei.

I Bø så vart det samla inn heile kr. 134 237,- på bøssene på sundagen. Det var også kome inn kr. 17.954,- på Vipps mellom kl. 16.00 og 18.00.

Tilsaman har det kome inn kr. 322.604,- frå Bø pr. 23.10.2019, noko som tilsvarar eit bidrag på kr. 48,66,- pr. innbyggjar.

Tusen takk til alle bøsseberarar, sjåførar og alle dykk som tok godt i mot dei på sundag!

 

Fekk du ikkje gjett til bøsseberarane på sundag?

Det er fortsatt moglegheiter for å støtte TV-aksjonen heilt ut desember.

Vipps til 2133 (valfritt beløp)
TV-aksjonskonto: Kontonummer 8380.08.09005
Telefon: Ring automatisk gjevartelefon 822 06 006 (det kostar kr. 250,-)