TV-aksjonen 2019 - CARE - Vi treng bøsseberarar

Nå er det hennes tur.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 17.09.2019

Årets TV-aksjon har fått namnet "Nå er det hennes tur" og går til CAREs arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokon av verdas mest sårbare område. TV-aksjonen gjeng av stabelen sundag 20. oktober.

Årets aksjon skal gje kvinner moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass, bestemme over eigen kropp og få sin stemme høyrd. Midlane gjeng til CAREs arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afg

TV-aksjonsmidlane skal gå til desse innsatsområda:

Hennars pengar - hennars moglegheiter
Midlane skal gje unge kvinner moglegheit til å skpe sin eigen arbeidsplass og si eiga inntekt. Meir enn 300 000 kvinner skal få moglegheit til å bli med i ein spare- og lånegruppe, og CARE skal også gje kvinner opplæring i å leie gruppene. Kvinnene skal få tilgang til banktenester, og dei skal løfte fram kvinnelege entreprenørar.

Hennars kropp - hennars val
Midlane skal gje kvinner opplæring i seksuell helse og mødrehelse. CARE jobbar for at kvinner skal ha kunnskap og moglegheit til å bestemme om og når dei ønskjer barn, og kor mange barn dei ønskjer. I tillegg skal kvinner ha tilgang på gode helsetenester ved graviditet, fødsel, og som nybakte mødre.

Hennars draumer - hennars stemme
Kvinner skal få sin stemme høyrd, og delta i beslutningar som angjeng dei sjølve. Dei skal få opplæring i politisk leiarskap, og i deltaking og leiarskap i arbeidslivet og i lokalsamfunnet.
 

Difor er årets TV-aksjon så utruleg viktig!

Les meir om årets TV-aksjon på blimed.no.

Meld deg som bøsseberar

Som bøsseberar for TV-aksjonen er du med på årets viktigaste søndagstur. Bøsseberarane er sjølve hjartet i TV-aksjonen og kvart år trengs det 100.000 bøsseberarar på landsbasis. Utan bøsseberarar blir det ingen TV-aksjon.

Aksjonskomiteen i Bø ønskjer å få med akkurat deg sundag 20. oktober. Vil du vere med oss og syte for at det blir hennars tur?

Tidspunktet for bøsseberinga er mellom kl. 16.00 og 18.00 sundag 20. oktober.

  • Er du under 18 år, må du gå ifølgje med ein vaksen
  • Ønskjer du å gå saman med ein ven, held det at ein av dykk registrerar seg som bøsseberar

Slik registrerar du deg

Registrer deg med kontaktinformasjon på www.blimed.no (frå 24. august) eller ring 02025 (frå 30. september), send ein e-post til TV-aksjonskomiteen i Bø til jeanett.kaasa@bo.kommune.no eller ring koordinator Jeanett Kaasa på tlf. 35 05 90 45.

Fann du det du leita etter?