Universitetet i Sørøst-Norge (USN) vil styrke Campus Bø

 Gullbring kulturanlegg - Klikk for stort bilete

Kulturhuset Gullbring i Bø stod ferdig i 1994 som eit sambruksanlegg mellom Bø kommune og USN. Gullbring kulturanlegg er eit attraktivt tilbod for studentane på studiestad Bø. For Bø kommune er USN og Gullbring kulturanlegg viktige pilarar i ein positiv samfunnsutvikling, og det har medverke til å utvikle Bø som eit attraktivt studiestad. For å styrke Campus Bø byggjer Studentsamskipnaden i Sørøst- Norge (SSN) nytt hybelhus.

USN har gjeve signalar om at universitetet ønskjer at vidare campusutvikling kan bidra til ytterlegare stadsutvikling til beste for innbyggjarane i Bø. Felles mål for Bø kommune og USN er ein fortsatt god drift og utvikling av Gullbring kulturanlegg AS. Dette for å sikre nadsynte velferdstilbod ovanfor studentane samstundes som Bø kommune tek vare på sine interesser på vegne av innbyggjarane.

I arbeidet med å finne gode løysingar for Gullbring kulturanlegg som har økonomiske utfordringar både på kort og lang sikt, inngår USN sitt moglege auka engasjement i Gullbring som eit alternativ blant fleire.

 

Eventuelle henvendingar i saka kan rettas til:

Petter Aasen                                                       Borgar Torbjørn Kaasa
rektor USN                                                          ordførar i Bø
Tlf: 995 29 024                                                    Tlf: 470 19 130


 

Sist endra 21.03.2019