Val 2019 - Manntal - tidlegrøysting - førehandsrøysting

valglogo - Klikk for stort bilete I år er det kommunestyre- og fylkestingsval. Valdagen er måndag 9. september 2019. 

Ved valet vel vi kven som skal representere oss i kommunestyret og fylkestinget. Det er dei lokale sakene som påverkar kvardagen din mest. Når du røystar, er du med og avgjer kven som skal representere deg og dine interesser i kommunestyret og fylkestinget.

Manntal

Det er ikkje naudsynt å registrere seg eller på nokon måte melde seg inn i manntalet, alle som har røysterett er manntalsført.

Det er folkeregisteret som leggjas til grunn for manntalet. Kor du er manntalsført og har røysterett er avhengig av i kva for kommune du er folkeregistrert som busett i per 30. juni kvart valår. Dersom du registrerar flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du røysterett i din gamle bustadkommune. Dersom du registrerar flytting før 30. juni i valåret vil du ha røysterett i din nye bustadkommune.

Alle kommunar er pålagt å skrive ut eit såkalla utleggingsmanntal. Utleggingsmanntalet er eit manntal som gjeras offentleg tlgjengeleg og kor du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og evt. sende inn ei klage dersom det er feil i manntalet.

Utleggingsmanntalet blir gjort offentleg tilgjengeleg på kommunehuset på Akkerhaugen, servicekontoret på Bekkevoll (teknisk eining i Bø) og biblioteka i Bø og Sauherad i løpet av juli.

Ler meir om røysterett og manntal her.

 

Tidlegrøysting

Veljarar som ikkje kan røyste i perioden for førehandsrøystegjeving eller på valdagen, kan vende seg til kommunen og røyste frå 1. juli og fram til førehandsrøystegjevinga tek til 12. august.

Ta kontakt med servicetorget for å avtale tid:

Sauherad kommune
35 95 70 00

Bø kommune
35 05 90 00

 

Førehandsrøysting

Frå måndag 12. august til og med fredag 6. september kan du førehandsrøyste i kva som helst kommune.

Dersom du røystar utanfor eigen kommune, skal du få ein røystesetel med namna på dei sentralt registrerte partia. Du må krysse av for kva parti du vil røyste på. Røystesetelen er utan namn på partia sine kandidatar, og du kan derfor ikkje gje personrøyst.

Er ikkje partiet eller gruppa du ønskjer å røyste på oppført på røystesetelen, kan du skrive namnet på dette partiet/gruppa på røystesetelen. Du kan også sjølv skaffe røystesetelen frå kommunen din og bruke denne om du ønskjer å gje personrøyster til kandidatar.

Oversikt over førehandsrøystestader og tidspunkt finn du her.

 

Hugs legitimasjon når du røystar

Legitimasjonen må minst innehalde veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

 

Meir om valet finn du på kommunens heimesider eller valg.no.

Sist endra 01.08.2019
Fann du det du leita etter?