Bøhamna barnehage

Bøhamna barnehage - Klikk for stort bilete  

Bøhamna barnehage er ein kommunal 2-avdelings barnehage. Vi har ein småbarns avdeling og ein avdeling for større barn.

Vi er samlokalisera med Veslekroa studentbarnehage som og har to avdelingar.

Barnehagen er sentrumsnær med høgskulen som næraste nabo. Vi har tilgang til eit variera nærmiljø med skogområder, eigen grønsakshage,  leike –og parkmiljø i Evjudalen, bibliotek og høgskulens idretts –og nærmiljøanlegg.

Leik og sosialt samspel har høgt fokus i kvardagen vår. Utvikling av barns språklege kompetanse står og sentralt i arbeidet vårt.

Vår visjon er:
« I våre barnehagar samlar barna gode øyeblikk, utviklar seg i samspel med fellesskapet og gjer seg klare for framtida»

 

Bøhamna barnehage - progresjonsplan (PDF, 657 kB)

Helseinformasjon - Kan mitt barn i barnehagen i dag? (PDF, 331 kB)

Sist endra 11.09.2018
Fann du det du leita etter?