De utrolige årene

Bø kommune har frå juni 2014 sette i verk programmet "De utrolige årene" i kommunens barnehagar; både kommunale og private. Målgruppa er alle tilsette. Kommunen stiller med tre gruppeleiarar  som har stått for opplæringa av dei barnehagetilsette.

Publisert av Margit Susanne Nygård. Sist endra 05.02.2019

Tiltaket er eit samarbeid mellom kommunens oppvekstetat, helsestasjon og PPT.  Programmet har fokus på korleis fremme sosial og emosjonell kompetanse hos barn.  Det betyr at det handlar om bevisstgjering av den vaksnes rolle og samspelet med barna. Det handlar om å tilretteleggje læringsmiljøet på hensikstmessige og forutsigbare måter for barnet. Og det er fokus på betydningen av den vaksnes kompetanse i samhandling med barn. Barn med aggressiv og antisosial åtferd i førskulealder er den største predikatoren på at dei vil utvikle alvorleg problematferd og kriminalitet frå 11-12 års alder og oppover. I tillegg slit svært ofte desse barna med å mestre skulen. DUÅ vil ha stor nytteverdi med tanke på dei av barna som viser dei største åtferdsproblema som slåing, sparking, biting, destruktive handlingar, negativ og trassig holdning, skriking, roping, respektlaus snakk og avbrytelser i forhold til vaksne sine anmodninger.
 
De Utrolige Årenes programmer bygger på brei internasjonal og evidensbasert forsking og kan vise til strenge dokumentasjonskrav for effekt. De Utrolige Årene er av Helsedirektoratet anbefalt som tilnærming ved førebygging og behandling av barn og unge med åtferdsproblemer. Dette handlar om førebygging og tidleg innsats, noko vi ser det er behov for i Bø kommune, jf. kommunens sosiale struktur. 
 
Bø kommune vil i juni 2016 ferdigstille kommunedelplan for oppvekst, der dette programmet er ein del av satsinga retta mot barn og unge. 
 
Mål: Førebygge og redusere åtferdsvanskar hos barn Styrke det tverrfaglege førebyggande arbeidet i kommunen Kompetanseheving hos dei tilsette i deltakende einingar
 
Kommunen har oppretta et DUÅ-team, beståande av: - Jorunn Verpe, leiande helsesøster - Unni Lunde, leder PPT - Beate Darrud, kommunalsjef oppvekst Disse vil møtas jamnleg, og ha eit overordna ansvar for implementeringa.