Gullbring barnehage - Råd om vanlege sjukdommar


Brennkoppar
Dette vert også kalla impetigo og er ein bakteriell infeksjon med sår oftast rundt nase og munn. Behandlinga er å vaske bort skorpa med t.d. Pyrisept, eventuelt dekke til med eit plaster og bruke ei bakteriedrepande salve.

Bør barnet haldast heime?Barn bør vere heime om infeksjonen er utbreidd og vert behandla med antibiotika. Etter 1-2 dagar med behandling kan barnet vere i barnehagen att.

Forkjøling / snørr
Snørr er i byrjinga klart og kan gå over til tjukt, grønt snørr etter ei tid. Ved kortvarid snørr utan påverka allmenntilstand er det ingen grunn til å halde barnet borte frå barnehagen. Det kan vere nødvendig å få barnet legeundersøkt ved langvarig blankt snørr fordi dette kan vere eit symptom på allergi.

Bør barnet haldast heime?Barn med snørr utan feber eller redusera allmenntilstand treng ikkje isolerast frå gruppa.

Hodelus
Lusa er 2 - 3 mm stor og vert spreidd gjennom direkte kontakt. Lus/luseegg vert behandla med eit spesielt middel som ein kjøper på apoteket utan resept. Når t.d. eit barn har fått lus bør også resten av familien få undersøkt hovudbotnen med tanke på lus, men berre den som har lus skal ha behandling.

Sengeklede og klede som er i kontakt med håret må vaskas på 60 grader eller leggast i djupfrysaren i nokre timar. Kammar og børstar må også reingjerast. Meir detaljert informasjon om lus og lusebehandling finn du i eit eige skriv som du kan få i barnehagen.

Bør barnet haldast heime?Barnet må vere heime inntil førstegongsbehandling er gjennomført. Personalet må varslast.

NB!! Det kan vere plagsomt å ha hovudlus, men det er inga skam, alle kan få det.

Kikhoste
Det er i Norge vanleg å vaksinere spebarn mot kikhoste ved 3,5 og 11 – 12 månads alder. Sjukdomen er difor sjeldan i vårt land. Større barn som får kikhoste, får oftast lettare symptom om dei er vaksinerte. Kikhoste smittar mest i byrjinga før det typiske symptomet «kiking» kjem, men det kan vere ei viss smittefare under heile sjukdomsperioden. Det er difor viktig å gje personalet melding dersom banet får diagnostisert kikhoste.

Bør barnet haldast heime?Allmenntilstanden til barnet avgjer om det skal vere heime. Dårleg søvn og hoste/kikingar med brekningar kan gjere at barnet ikkje orkar å vere i barnehagen.

Med omsyn til smitterisiko, kan barnet gå i barnehagen 5 dagar etter igangsett antibiotikabehandling.

Augeinfeksjon
Augeinfeksjon kjem oftast i samband med forkjølingar. Dei går vanlegvis over av seg sjølv på same vis som forkjølingar. Ein gjer reint i og omkring auga ved å tørke og event. skylle med fysiologisk saltvatn. Behandling med antibiotika (augedråpar eller salve) kan vere naudsynt om augeinfeksjonen blir langvarig eller er kombinert med andre symptom.

Bør barnet haldast heime?Barn som har redusert allmenntilstand eller der det kjem mykje verk frå auga skal vere heime. Barn som får augedråpar/salve, bør vere heime 1 - 2 dagar etter at behandlinga tek til.

Øyreverk
Øyreverk er oftast eit resultat av trykkauke i mellomøyret under vanleg forkjøling. Behandlinga er då vanlege nasedråpar/-spray. Kraftig øyreverk, event. med feber, og øyreverk som varar meir enn nokre få dagar, bør legen vurdere. Dette m.a. for å vurdere antibiotikabehandling i tillegg.

Bør barnet haldast heime?Om allmenntilstanden er upåverka, kan barnet vende attende til barnehagen sjølv om antibiotikabehandling nyleg er starta opp.

Barn og kulde
Kvar vinter melder spørsmålet seg: Skal barnet vere ute når det er kaldt, og kva for ei temperaturgrense skal ein halde seg til? Det fins ikkje noko enkelt svar på dette. Den temperaturen som ein kjenner, vil vere avhengig av både vindstyrke og fukt så vel som sjølve lufttemperaturen. Ved sterk vind bør kan hende barna vere inne sjølv om temperaturen ikkje er så låg.

Det som barn har på seg, er også avgjerande for om dei kan vere ute eller ikkje. Fylgjande retningsliner er rimelege:
Det vert sett ei grense på minus 10 - 15 grader for uteleik, men her må ein ta omsyn til eventuell vind. Kor lenge barna skal vere ute, må ein vurdere i kvart einskild tilfelle.

Nokre barn får tørr hud om vinteren (p.g.a. låge temperaturar, låg luftfuktighet) - spesielt om det blæs. For desse barna vil det vere gunstig om dei vart smurt med ei feit vatnfri salve i andletet ei stund før dei går ut.