Gullbring barnehage - Råd om vanlege symptom


Feber:
Feber skuldast ein infeksjon med virus eller bakteriar. Temperaturen bør ein måle i endetarmen, feber reknar ein ved temperatur på 38 grader eller meir.
Nokre barn har litt høgare temperatur enn dette, noko som kan vere normalt for dei. Eit barn med feber bør vere lett kledd, opphalde seg i eit ikkje for varmt rom, å få rikeleg med drikke.

Bør barnet haldast heime?Barn med feber skal vere heime. Oftast bør barnet ditt få ein feberfri dag heime før det vender attende til barnehagen.

Hoste:
Ein del barn får lett hoste i samband med vanleg forkjøling. Om barnet ikkje verkar sjukt, kan det gå i barnehagen som vanleg. Hoste kan for mange bli verre ved fysisk aktivitet, og ein bør difor halde seg orientert om korleis barnet greier dagen i barnehagen. Ved langvarig hoste bør ein lege vurdere barnet med tanke på eventuell allergisk årsak.

Bør barnet haldast heime?Eit barn med hoste, men utan feber og med god allmenntilstand kan vere i barnehagen.


Vondt i halsen
Når ein har vondt i halsen skuldast det ein infeksjon i svelget. Små barn kan ikkje alltid fortelja at dei har vondt i halsen.
Teiken på halsinfeksjon kan vere at barnet ikkje vil drikke, ete eller har feber. Iblandt kan barnet få brekningar og magesmerter.
Om barnet har vondt i halsen og i tillegg feber meir enn eit par dagar, kan det vere ein bakteriell infeksjon med streptokokkar. Du bør då oppsøkje lege med barnet ditt. Stretokokkar kan iblandt gje plagsomme epidemiar blandt barn, gje difor melding til personalet i barnehagen dersom ditt barn har ein slik infeksjon.

Bør barnet haldast heime?Etter 1-2 dagar med antibiotika kan barnet gå i barnehagen att om det orkar å delta i gruppesamveret med dei andre barna.

Molluskar
1 - 5 mm. store blanke opphovningar i huda som etter nokre veker får ei inndraging på midten. Molluskar skuldast virus og barnet smittar seg sjølv når det klør. Molluskane smittar sjeldan til andre personar og forsvinn oftast utan behandling, men av og til kan det vere nødvandig å skrape dei bort.

Bør barnet haldast heime?Nei.

Omgangsyke:
Symptoma er diare og/eller brekningar. Barnet kan tape mykje væske , og det er difor svært viktig å passe på at det drikk mykje. Lege eller helsesyster kan gje råd om diett.

Bør barnet haldast heime? I det akutte stadiet skal barnet vere heime. Når allmenntilstanden tilseier det, kan barnet vende attende til barnehagen. Barnet skal då kunne innta fast føde og vere opplagt. Avføringa treng ikkje vere fast fordi det kan ta opptil fleire veker før avføringa igjen er normal.

Skabb
Skabbmidden grev seg ned i huden og gir etter nokre veker intens kløe og noko utslett. Diagnosen kan vere vanskeleg, og bør helst vere stilt gjennom påvisning av skabbmidd.
Bør barnet haldast heime?Barnet skal vere heime inntil behandlinga er gjennomført.

Meslingar, kusma og raude hundar
Dei fleste barn over 15. mnd. er vaksinera mot desse virusinfeksjonane. Difor er det ikkje vanleg i dag at barn får nokon av desse barnesjukdomane. Mange gonger er det vanskeleg å stille diagnosen sjølv, og foreldra bør difor kontakte lege om dei mistenker at barnet skulle ha ein av desse sjukdomane.

Bør barnet haldast heime?Ja, barnet skal vere heime i sjukeperioden. Barnet kan starte i barnehagen så snart allmenntilstanden tillet det.

Hand-, fot- og munnsjukdom
Dette er ein virussjukdom som gir lett feber, halsonde og blemmer/utslet i munnen, på randa av handflatene og fotsålane.

Bør barnet haldast heime?Barnet kan gå i barnehagen ved god allmenntilstand, uavhengig av utslett.