Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Familiar med inntekt under 557 333 kroner kan søke om å få redusert betaling for barnehageplassen. Har dykk barn på to år eller eldre, kan ein og ha rett til gratis kjernetid.

Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Redusert foreldrebetaling

Regjeringa har vedteke nasjonale satsar for redusert pris i barnehage frå 01.05.2015. Ordninga inneber at ein ikkje skal betale meir enn 6% av inntekta si til barnehagen.

Frå august 2019 gjeld dette for husstandar med ei samla inntekt under 557 333 kroner per år (med atterhald om Stortingets endelege vedtak av statsbudsjettet).

Gratis kjernetid  

Frå august 2019 utvidast retten til også å gjelde for 2-åringar. Ordningen med gratis kjernetid for barn med vedtak om redusert foreldrebetaling vil frå august 2019 gjelde for 2, 3, 4 og 5-åringar.
 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 20. juni for å få innvilga redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå og med august. Søknader som er motteke etter 20.juni, men seinast 31.august, vil gjelde frå september.  

Du kan søkje om redusert foreldrebetaling gjennom heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling vil gjelde frå månaden etter at fullstendig søknad er motteke (inkl. inntektsdokumentasjon). 

Hugs at du må sende søknad om redusert foreldrebetaling kvart år.

Kva for inntekter skal reknas med?

Det er husstandens samla brutto årsinntekt som er grunnlaget for berekning av betalingssats (ektefeller, sambuarar og registrerte partnarar si inntekt).  

Husstandens inntekter dokumenteras ved siste års skattemelding, eller dokumentasjon på anna inntekt /stønad frå f.eks NAV. Inntektsdokumentasjon skal sendast inn saman med søknad, og søknaden vil ikkje handsamas før dette ligg føre. 

 

For meir informasjon, sjå link: http://www.udir.no/Barnehage/Regelverk/Foreldrebetaling/Moderasjonsordninger-foreldrebetaling/

Sist endra 23.05.2019