Bø skule

Bøskulevårsommar - Klikk for stort bilete

                      

Bø skule er den største av to barneskular i Bø kommune med 409 elevar og to SFO-avdelingar med 120 elevar. Den ligg 5 min. gange frå Bø sentrum. Skulen, som vart bygd i 1960, blei delvis renovert i 1997. I 2010 tok vi i bruk ein heilt ny skulehalvdel med plass til tre parallellar på kvart trinn. Alle klassetrinn har eigne basar med lukka klasserom og grupperom, og eigne inngangar med toalett og garderobar. Basane har fått namn etter fem nedlagte grendeskular, og klasseromma har namn frå forskjellige plassar i bygda. 

Felles møteplass er kantina og amfiet vårt, Gygrestolen, som har fått namnet sitt etter ein kjent fjellformasjon i bygda. Her samlas vi til fem større samlingar i året der trinna har ansvar for innhaldet. 1. trinn samlast også her ved skulestart. Skulen har gangavstand til skog og mark, eit stort fint uteområde og ake-/skibakke på baksida av skulen.

 

Bø skule sin visjon

Sko - Klikk for stort bilete SKO DEG FOR LIVET!
S - samarbeid
K - kontinuerleg framgang
O - omsorg for kvarandre og for miljøet

På alle nivå i skulen sitt arbeid ønskjer vi å fremje samarbeid,
kontinuerleg fagleg framgang og omsorg for kvarandre, miljøet og for skulemiljøet i vid forstand.


Sist endra 08.08.2019
Fann du det du leita etter?