FAU/SMU/SU på Bø skule

Regnbue - Klikk for stort bilete

Alle foreldre som har barn på Bø skule, er medlem av Foreldrerådet - FAU.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.

Publisert av Asbjørn Tolo. Sist endra 12.06.2019

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som består av ein representant frå kvart klassetrinn. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til Samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.
Representantane frå klassene skal sitte for 2 år om gongen. Dei blir vald i 1. 3. 5. og 7. klasse. representanten for 7.klasse sit då berre for eitt år.
Det blir også vald 2-4 klassekontaktar pr. klasse kvart år. FAU-representanten KAN vera ein av desse.

Skulemiljøutvalet (SMU) er sett saman av to representantar frå foreldrerådet, to for elevane, to frå undervisningspersonalet, ein frå andre tilsette, og to frå kommunen. Rektor er den eine representanten frå kommunen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i skulemiljøutvalet.

Samarbeidsutvalet (SU) er skulens øvste rådgjevande organ og her er alle partar i skulen representert: elevar, foreldre, undervisningspersonal, andre tilsette og to representantar frå kommunen, kor rektor skal vere den eine. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Internettside om heim-skule samarbeid:
 www.fug.no

 

.

Referat FAU-møte 29.mai 2019 (PDF, 145 kB)

Referat FAU-møte 27.februar 2019 (PDF, 175 kB)

Representantar i råd og utval 2018-2019 (PDF, 36 kB)

Referat FAU-møte 3.oktober 2018 (PDF, 156 kB)

Oppsummering Hjartesone rundt Bø skule (DOCX, 2 MB)

Nytt frå FUG (Foreldreutvalget for grunnopplæring) oktober 2017 (DOCX, 26 kB)

 

 

Mobbing er ikke greit! (PDF, 338 kB)

ARKIV: Tidlegare referat og saker