Hopp for hjartet!

Nasjonalforeningen for folkehelse sin konkuranse "Hopp for hjertet" - Klikk for stort bilete Nasjonalforeningen for folkehelsen sin hoppetaukonkurranse er i gang

Publisert av Marie Klever Bøye. Sist endra 02.05.2018

 

I to veker, frå 24. april til 4.mai, arrangerar Nasjonalforeningen for folkehelsen hoppetaukonkurransen "Hopp for hjartet". Elevane hoppar tau i friminutt og i undervisning, og får poeng etter kor mange minutt dei hoppar kvar dag. Vinnarane trekkast blant klasser som har hoppa mest. Det blir kåra ein nasjonal vinnar som premierast med 10 000 kroner. I tillegg blir det kåra vinnarar i kvart fylke.