Forsikringsordningar / skadeerstatning

Oversikt over ulike forsikringsordningar:

Ulykkesforsikring: 

Alle barn i barnehagen og grunnskulen er ulykkesforsikra når dei under skulen eller barnehagen si leiing deltek i undervisning, ekskursjonar, reiser, stemne o.l. Forsikringa gjeld og utanom skuleområdet og på direkte veg til og frå skulen.
Dessutan gjeld forsikringa ved utplassering av elevar i arbeidslivet. I slike tilfelle gjeld forsikringa ved ulukke som skjer under arbeid på arbeidsstaden i arbeidstida, og på direkte reise mellom heim og arbeidsstad.

Forsikringssummen er 5 G (kr. 462 880,- pr. juni 2016) ved 100 % invaliditet og utbetalast i høve til invaliditetsgraden.
Utgifter til behandling blir dekt med inntil kr. 50 000. Skade-melding med legeerklæring må sendast inn og utgiftene til behandling må dokumenterast. Ved dødsfall er forsikringssummen 1 G (kr. 92 576,- pr. juni 2016).

Ansvarsforsikring:
Bø kommune har ei generell forsikring for rettsleg erstatningsansvar. Denne gjeld også når elevar er på bedriftsbesøk eller når dei tek del i praktisk yrkesorientering. Ramma for denne er kr. 10.000.000,-.

Elevutstyr m.m.
Bø kommune har ikkje forsikringsordningar for elevane som dekkjer skade på t.d. syklar o.a. Slike skadar må ein eventuelt få erstatta gjennom eiga innbuforsikring.
Lov om skadeerstatning av 13.juni 69 slår fast at føresette, innafor visse grenser, er erstatningspliktige for skadar borna deira er årsak til.

Av og til blir det gjort skade som skuldast uvørdskap eller herverk. Skulen vurderer, i det einskilde tilfellet, om ein skal krevja erstatning og kor stor erstatninga skal vere.
Ting som klede, briller m.m., som blir øydelagde på skulen, må elevane/ foreldra sjølve erstatte. Unntak blir vurdert om dette skjer i samband med undervisning.

 
Sist endra 12.04.2018