Informasjon om KRLE-faget og fritak

I opplæringslova heiter det at:
"Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring".

Det betyr at skulen skal gje ein elev fritak frå dei delane av undervisninga som eleven sjølv eller foreldre/føresette opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. 

Fritak må meldast skriftlig, men det er ikkje nødvendig å grunngje meldinga. For elever under 15 år er det foreldre/føresette som melder fritak. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølv skriftlig melding.
 
Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Skulen skal difor sørgje for tidleg og god informasjon om innhald og aktivitetar i ulike fag og emne. Det blir lagt ut årsplan i faget på fronter. Ved melding om fritak skal skulen sjå til at fritaket blir gjennomført, og legge til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.

Dersom skulen ikkje godtar ei melding om fritak, må skulen handsame saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova, det vil seie at eit avslag vil kunne ankast inn for fylkesmannen.

 

Fritaksskjema KRLE (PDF, 25 kB)

Sist endra 10.09.2019