Skulebiblioteket

Skulebibliotek Bø skule - Klikk for stort bilete

Nytt og flott!
Velkommen til det nye, lyse og trivelege biblioteket vårt! Det ligg i 2. høgda, rett ved Gygrestolen, og er ope kvar skuledag! Biblioteket er ein flott lese- og læringsarena på skulen vår.

Det aller viktigaste er likevel bøkene! Både skjønnlitterære bøker og fagbøker har fått god plass, og vi får innspill og ønskjer om nyinnkjøp av bøker, så hyllene vil etter kvart fyllast opp.

Ein pedagog har ansvaret for skulebiblioteket. Elevane kan etter kvart få rettleiing og råd av bibliotekaren i val av bøker. Andre gonger kan dei komme for å søkje kunnskap knytt til ulike oppgåver dei jobbar med i timane. Vi vil òg at heile klasser skal kunne bruke biblioteket når dei har særskilde oppgåver. Det er viktig at biblioteket er eit stillerom. Då kan mange fungere der på same tid!

Utlån:
Kvart klassetrinn frå og med 2.klasse har fast tid i veka til dette. Vi har elektronisk utlån.

Heimane:
Vi treng hjelp frå heimane slik at bøkene kjem tilbake til skolen til rett tid og i god stand.  Vi vil òg gjerne ha gode idear til bøker som passar til ei aldersgruppe eller eit tema!

Erstatning:
Hvis ei bok blir borte må ho erstattas med kr. ​200,-

 

Ta gjerne kontakt med bibliotekansvarleg Astrid Holtskog tlf. 35 05 94 50

Sist endra 08.08.2019