Informasjon til nye 1. klassingar

 

Overgangen frå barnehage til skule og SFO er stor for mange, og betyr ein ny kvardag for både liten og stor. Barna blir gitt meir ansvar, og forventningane blir større. 

 

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 10.05.2019

Overgangen er fokusområdet på SFO gjennom heile det 1. skuleåret, og vi vil skape trygge og faste rammer for barna, dei føresette og dei ansatte. Det er viktig at dykk som vakse førebur barnet til skulestart. SFO ynskjer å tilby besøksdagar for nye 1. klassingar. Informasjon om besøksdagane kjem i eit infobrev til føresette iløpet av våren før skulestart.

 
Bø SFO er fordela på tre basar:
Åskollen for 1. klasse, Trelsborg for 2. klasse og 3. og 4. klasse har ein felles base. 
Bemanninga vil stort sett være fast på basane, og assistentane følger trinnet frå skule til SFO. 
 
Telefonnummer til SFO på Bø skule er: 35059473 eller 35059450 (SFO leiar)
Telefonnummer til basane er: 902 43 763