Skulehelsetenesta i grunnskulen

Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonsarbeidet, og skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremme god psykisk og fysisk helse og gode sosiale og miljømessige forhold blant elevane.

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse og elevar på Bø vidaregåande skule.

Helsesøster er kontaktperson for skulehelsetenesta og har dei siste åra hatt kontor og fast trefftid på Folkestad Skule (PDF, 273 kB), Bø Skule (DOC, 227 kB) og Bø Ungdomsskule (PDF, 176 kB).

Skulehelsetenesta gjev tilbod om blant anna:

  • Trefftid hos helsesøster på alle skular
  • Helseundersøking og samtale
  • Samtaler med elevar etter individuelt behov og i grupper
  • Helseopplysning og undervisning individuelt og i grupper
  • Vaksinasjon etter anbefalt barnevaksinasjonsprogram frå Folkehelseinstituttet
  • Miljøretta tiltak med fokus på elevane sitt arbeidsmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid rundt eleven/familien

Samarbeid med foreldre og andre faggrupper

Elevar, foreldre og lærarar vert oppmoda om å ta kontakt dersom det oppstår noko som har innverknad på eleven si helse og trivsel. Helsesøster er avhengig av eit godt samarbeid med skulen og foreldra for å fremme eleven si helse. Dersom eleven har behov for oppfølging frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnarar vere skule, skulelege, fastlege, tannlege, fysioterapeut, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern, barne -og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), spesialisthelsetenesta.

Skulehelsetilbodet er gratis.

Foreldre og elevar oppmodast til å ta kontakt ved behov.

 

Plan for helseundersøkingar og vaksinasjon i grunnskulen (PDF, 107 kB)

Påmelding til: Foreldrekurs i Circle of Security (DOCX, 58 kB)



Sist endra 28.01.2019

Kontaktpersonar

Jorunn Verpe

Helsesyster på Bø ungdomsskule

Tone Lie Sund

Helsesyster på Folkestad skule og Bø vidaregåande

Louise Bech Godskesen

Helsesyster på Bø skule

Gunhild Pallesen Mustikay

Helsesyster Bø skule