Frisklivssentralen Midt-Telemark

Frisklivssentralen samarbeider med HiT. Her er studentane Ida Tollehaugen, Sondre Risdal Solheim, Caroline Nygaard, Frisklivskoordinator Svein Ivar Forberg, Høgskulelektor Laila Hjort Nielsen og student Guro Akerlie (Foto: Peter Bjerg Jørgensen) - Klikk for stort bileteFrisklivssentralen samarbeider med HiT. Her er studentane Ida Tollehaugen, Sondre Risdal Solheim, Caroline Nygaard, Frisklivskoordinator Svein Ivar Forberg, Høgskulelektor Laila Hjort Nielsen og student Guro Akerlie (Foto: Peter Bjerg Jørgensen) Peter Bjerg Jørgensen

Frisklivssentralen er ein kommunal helsetjeneste tufta på eit samarbeid mellom Bø kommune, Sauherad kommune, Nome Kommune, Gullbring Kulturanlegg A/S og Høgskulen i Telemark.

Frisklivssentralen Midt-Telemark gjev tilbod til dei som treng hjelp og støtte til å endre levevanar på grunn av helseutfordringar, eller for dei som er i fare for å utvikle livsstilsrelaterte sjukdomar. Ein treng ikkje ha ein diagnose for å ta kontakt.

Tilbodet legg til rette for fysisk aktivitet, stressmeistring, vektregulering, smertemeistring og er eit tilbod til det med fysiske og/eller psykiske helseutfordringar.

For å delta må du ha ein FRISKLIVSRESEPT som kan skrives ut av fastlege, annet helsepersonell, NAV eller du kan ta direkte kontakt med Frisklivssentralen. Frisklivssentralen tilbyr helsesamtale, enkel testing av fysisk form og trening i grupper. Det vil også bli tilbod om «Røykeslutt» og «Bra mat» kurs.

Sjå Frisklivssentralen (PDF, 981 kB) for meir informasjon, skjema for frisklivsresept og kontaktinformasjon.

Frisklivssentralen - Klikk for stort bileteFrisklivssentralen

Sist endra 22.11.2017

Kontaktpersonar

Svein Ivar Forberg

Frisklivskoordinator

Helene Haugersveen Kiserud

fysioterapeut/frisklivskoordinator

Kartpunkt