Ung Arena Midt-Telemark

Ung Arena Midt-Telemark er eit felles folkehelseprosjekt for Bø og Sauherad kommunar, og del av den nasjonale satsinga «Program for folkehelsearbeid i kommunane». Telemark Fylkeskommune har tildelt prosjektmidlar, og prosjektet er dermed ein del av fylket si satsing "Rusfritt, robust og rettferdig".

Prosjektet inneber å etablere ein kombinert sosial møteplass og ei lågterskel hjelpeteneste for ungdom mellom 13 og 20 år i Bø og Sauherad. Målet er å styrke psykisk helse og livskvalitet blant barn og unge. Prosjektet er eit samskapingsprosjekt, som skal utviklast og drivast av ungdom, frivillige og fagfolk saman. 

Publisert av Frøydis Haukeland. Sist endra 14.06.2019

Lågterskel hjelpeteneste

Lågterskel hjelpetenesta er inspirert av ein modell utvikla av Bydel Gamle Oslo i samarbeid med blant anna Mental Helse; Ung Arena. Ung Arena er igjen inspirert av Headspace, eit lågterskel rådgjevingstilbod for barn og unge i Danmark. Målet med hjelpetenesta er å gjere kommunen sine tenester meir tilgjengelege for unge, senke terskelen for ungdom til å be om hjelp, samt fange opp og hjelpe dei som er i risiko for problemar med rus og psykiske vanskar. Vidare er det mål om å auke samarbeidet mellom dei ulike tenestene. Det viktigaste elementet er å utvikle eit tiltak på dei unge sine premissar, gjennom direkte og aktiv involvering av målgruppa.

Sosial møteplass

Den lokale modellen vi vil utvikle i Midt-Telemark inneber å kombinere lågterskel hjelpeteneste med ein sosial møteplass. Møteplassen skal være ein trygg og positiv stad å være etter skoletid, med aktivitetar og fellesskap som bidreg til meistring og tilhøyrsel. Kultur- og idrettsaktivitetar vil her være tiltak for å styrke helse og livskvalitet. Tiltaka skal være universelle, åpne for alle, være gratis og ha eit helsefremjande og ressursorientert fokus. Det er viktig at møteplassen er stress- press- og rusfri. Den sosiale møteplassen er inspirert av Røde Kors si satsing på aktivitetshus for ungdom; Fellesverket.

Forsking

Det er behov for meir kunnskap om kva som er effektive og verksame folkehelsetiltak, og det er krav om kunnskapsbasert tiltaksutvikling i folkehelseprogrammet. Prosjektet skal derfor følgjeevaluerast. Kunnskap som vert utvikla i prosjektet kjem dermed også andre til gode. 

Prosjektbeskrivelse

Prosjektskildring finner du her (PDF, 423 kB)

Meir informasjon om prosjektet, og alle dei andre prosjekta i den nasjonale satsinga finner du her

Prosjektgruppa

Ung Arena Midt-Telemark har etablera ei tverrfagleg prosjektgruppe som består av folkehelsekoordinator, kommunepsykolog og tilsette frå helsestasjon, psykisk helse og rusarbeid, pedagogisk-psykologisk teneste, barnevernstenesta, kultur og fritid og NAV. På biletet ser ein nokon frå prosjektgruppa på besøk hos Henrys Hus i Porsgrunn for å sjå korleis Røde Kors driv aktivitetshus for ungdom.Prosjektgruppa Henrys Hus.jpg - Klikk for stort bilete

Det er folkehelsekoordinator Frøydis Haukeland og kommunepsykolog Brita Rønning Iversen som så langt har jobba med søknaden og utvikling av tiltaket. I løpet av våren 2019 skal det tilsetjast ein prosjektleiar og psykolog i prosjektet.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss!

Frøydis Haukeland (prosjektleiar): froydis.haukeland@bo.kommune.no, tlf. 35059667 / 92066536

Brita Rønning Iversen (fagansvarleg):brita.ronning.iversen@bo.kommune.no tlf: 35059666 / 91719190