Barn som bekymrar - for tilsette

Ser du eit barn som gjev deg ein følelse av at noko er gale? Har du tenkt "her må det vere noko som dette barne slit med"? Bø kommune ynskjer at vaksne i Bø skal bry seg og gjere noko med bekymringane kring barn som ikkje har det godt og trygt. Desse sidene henvender seg til både tilsette i kommunen, som i jobbsamanheng har kontakt med barn, og til alle andre vaksne, som har bekymringar om barn sin oppvekst og livssituasjon.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 01.11.2018

Bø kommune vil gjerne vere ein kommune der barn kan  vere trygge på at nokon vaksne ser dei om dei har det vanskeleg på skulen eller i fritida. Som vaksen i Bø kommune deler du ansvaret for dette. Om du investerar nokre minutt av tida di på å orientere deg om "Barn som bekymrar", så er du allereie i gang med å ta ansvar og vise deg som ein vaksen som bryr seg. 

"Barn som bekymrar - Handlingsveileder for tilsette i Bø kommune" (PDF, 553 kB) er eit viktig dokument. Her finn du bakgrunnsstoff, meldeskjema, prosedyrar og korleis henvende seg vidare i saker om barn som gjev grunn til bekymring. 

Har du ei konkret sak du ønsker å melde, kan du bruke følgande meldeskjema (DOCX, 83 kB). Dette skjemaet er meint som ein veiledar for dei som er bekymra for eit barn, og ønsker å melde dette til barnevernet. Det er tilstrekkeleg at du er bekymra for barnets omsorgssituasjon for å melde frå til barnevernet. 

Du SKAL bry deg om du ser eit barn som gjev deg uro eller bekymring. Det finst uendeleg mange grunnar til å bry seg, men berre ein grunn til å ikkje... "Jeg ser deg" er eit hjelpemiddel som gjev mange tips til deg som er bekymra for eit barn. 

Meir informasjon om dei ulike hjelpetenestene som er tilgjengelege i Bø kommune finn ein i skrivet Oversikt over hjelpetenester retta mot barn og unge (PDF, 509 kB)

For akutte meldingar eller bekymringar:

Midt-Telemark Barnevernsteneste - tlf 35 95 71 50 (i kontortida på kvardagar)

Barnevernvakta i Grenland - tlf 90 05 33 04 (kl. 16.00 - 08.00 på kvardagar, og heile døgnet på fri-og heilagdagar

Bø kommune - tlf 35 05 90 00 (i kontortida)

Her kan du få råd eller melde bekymring direkte:

Barna sin alarmtelefon

Barnevernvakta