BØ ARBEIDSSENTER

20180525_111925.jpg - Klikk for stort bilete

Bø Arbeidssenter har eksistert sidan 1992 og er den gode møteplass for trivsel, samhandling og arbeidsglede.

Vi tilbyr tilrettelagt og variert arbeid der den enkeltes ressursar og ulikheiter blir vektlagt. Vår hovudverksemd er produksjon av produkter og tenester for lokale kunder.

Vi er eit rikt fellesskap av 26 tilsette med ulik arbeidsevne. 8 av oss er arbeidsleiarar og har ansvar for å tilrettelegge innhaldet i dei ulike avdelingane.

For mange arbeidstakarar er aktivitetar som bassengtrening, sansestimulering og song/musikk gode supplement til arbeidet. Vi har 2 sanserom på huset, og dei er vi svært glad i. 

I vedgruppa og på Mariposa Kafè trener vi med tanke på «det ordinære arbeidslivet». Her har mange funnet sin faste plass og si rolle i arbeidslivet. Vi deler alle ei stor arbeidsglede og vi har eit godt samhold. 

Enkelte arbeidstakara jobber på samme avdeling heile veka, mens andre er involvert på flere avdelingar. I Juni har vi produksjon av strøsingel der dei fleste er med og bidreg utifrå sitt funksjonsnivå og meistring. 

 

AVDELINGENE VÅRE

VEDGRUPPA - MARIPOSA - MALEGRUPPA - TREVERKSTED

TEKSTIL/MONTERING - POSTLEVERING - KANTINEGRUPPA

 

Ved fra Arbeidssenteret? Sjekk priser og kontaktinfo ved å klikke her.

 

VÅR VISJON

Skape goder dagar for kvart enkelt menneskje ved Bø Arbeidssenter.

Det gjer vi gjennom å ta utgangspunkt i:

  • kvar enkelt sine interesser og ressursar
  • mestringsopplevelsar
  • humor og inspirasjon
  • å ”sjå heile menneskjet, der det er”
  • å gje omsorg og støtte
  • å vere opne og imøtekommande på kvar enkelts verdi
  • å gje rom for det kreative, og verdsette skaparlysta

 

Bø Arbeidssenter har dagtilbod for deg som er over 18 år og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv. Tilbodet blir tilpassa dine interesser, ressursar og behov for å få ein meiningsfull kvardag. Sjekk korleis du kan få tilbod ved å klikke her

Sist endra 04.09.2018
Fann du det du leita etter?