MARIPOSA KAFÈ

«Mariposa» er sommarfugl på spansk. For oss er sommarfuglen eit symbol på utvikling, ein prosess. Eit bilete på det å gå gjennom stadier, for så å flyge.

Derav namnet Mariposa.

Ein kvalifiseringsarena

Bø Arbeidssenter har eksistert sidan 1992. Senteret blei oppretta for å gje eit kommunalt dagtilbod for utviklingshemma. Brukergruppa av dagsenteret var gjennom mange år svært stabil. For få år sidan kom ei endring ved at menneske utan diagnosa utviklingshemming ynskja plass hos oss. Det har vakse fram eit stort behov for arbeidsplassar, der den einskilde kan få arbeidserfaring, og kjenne på kva det vil seie å vere arbeidstakar. Vi gjer noko med det, og tilbyr kvalifiseringsplassar. Vi har eit nært samarbeid med NAV og attføringsbedrifter i Midt-Telemark, i tillegg til vidaregåande skular.

Det å etablere oss i Bø sentrum er ein draum, som no vert realisert. Vi blir synlege og viser kva vi kan. Alle menneske  har  ein arbeidskapasitet i større eller mindre grad. Vi ynskjer med Mariposa å gje menneske trua på seg sjølv og eige verd. Vi skal halde med å være ein kvalifiseringsarena der likeverdsprinsippet er lagt til grunn. For dei som får ein plass hos oss er målet utvikling. For nokre betyr det overgang til det ordinære arbeidsliv, for andre kan det bety positive opplevingar innanfor dei rammene vi tilbyr.

Mariposa  ynskjer å gje dei som besøker oss ei oppleving, med god mat/drikke, god stemning og spesiell service. Vi har også egen facebook side hvor vi oppdaterer jevnlig. 

 

Avisoppslag Bø Blad:

boblad1.jpg - Klikk for stort bilete

boblad2.jpg - Klikk for stort bilete

 
Laurdag 17. mars 2018 er det fire år sidan Mariposa opna dørene som kvalifiseringsarena og kafé. Mange har fått arbeidstrening og hjelp på vegen vidare i den fargerike kafeen i Meierismuget.
 
 
Her ser du noe av godsakene vi lager på Mariposa18403108_993710537443474_5922823341977834736_n.jpg - Klikk for stort bilete

mariposa.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 31.05.2018
Fann du det du leita etter?