Bustøtte, startlån, tilskot og kommunale bustader

Husbanken, midtstilt.jpg - Klikk for stort bilete

 

Bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte ei ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kor er bustøttekontoret i kommunen?

Frå 01.10.2019 er bustøttekontoret på Bekkevoll i Gullbringvegen 20. Sakshandsamar har kontordagar der på onsdagar frå kl. 12.00 - 15.00. 

Sjekk om du kan få bustøtte

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slags krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Søk bustøtte

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

Meld i frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter at du fekk vedtaket.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kontaktperson i kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Startlån og tilskot

Bustadkonsulenten i kommunen hjelper deg med å søkje lån og tilskot frå Husbanken.

Bø kommune får tildelt tilskotsmidlar av Husbanken som kan gjevast vidare for utlån til innbyggjarane.
Midlane er spesielt merka til ulike prosjekt.

Kor er startlånkontoret i kommunen?

Bustadkonsulenten har kontor på NAV Midt-Telemark i Stasjonsvegen 14. 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om startlån og tilskot på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med bustadkonsulenten i kommunen for hjelp og rettleiing.

Stiftelsen for utleigebustader i Bø kommune

har 40 bustader som leigast ut til eldre, psykiatri, rusomsorg og PU. Ta kontakt med dagleg leiar Helge Hallingby, post@bnselskap.no, tlf 915 44 913, for meir informasjon. 

Sist endra 19.09.2019

Åpningstider

Bustadkonsulent:
Espen Nordli Eriksen
Tlf: 908 19 807

Kontordagar:
Måndag - fredag
9.00 - 15.00

Bustønad:
Gunhild Moen 
Tlf: 468 01 005

Kontordag: Onsdagar
12.00 - 15.00

Besøksadresse:

Bustadkonsulent:
Nav-bygget
Stasjonsvegen 14
3800 Bø

Bustønad:
Bekkevoll - Teknisk eining
Gullbringvegen 20
3800 Bø

 

Kartpunkt