Kvardagsrehabilitering

Gammel mann - Klikk for stort bilete  

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er ein tidsgrensa teneste der opptrening i daglege gjeremål skjer på din heimearena.

Saman med deg, vil eit tverrfagleg team utarbeide mål for kva du meiner er viktig å meistre i din kvardag.

Treningsinnsatsen vil vere intensiv i byrjinga, og avtar i takt med at du bedrar din funksjon.

 

Kva kan du forvente av oss?

Me kjem heim til deg og hjelper deg med å trene slik at du når dine mål for å meistre ein sjølvstendig kvardag.

For å oppnå dette setter vi opp ein treningsplan utifrå dine mål og jobbar intensivt i ein avtala treningsperiode.

Undervegs vil det foregå evalueringar av framgangen din for justering av mål og treningsplan.

Treng du hjelp til å finne motivasjon, eller treng du nokon å snakke med undervegs, startar vi gjerne med samtalar.

 

Kven er du?

Du bur i eigen heim og klarar ikkje lenger å gjere det du tidlegare har meistra.

Du har lyst til å gjere ein innsats for å på ny klare det du tidlegare fekk til sjølv, slik at du i størst mogleg grad kan klare deg i dagleglivet.

 

Ting å trene på kan vere?

  • Å komme deg inn og ut av senga
  • Å kle av/på deg
  • Lage mat
  • Å gå ute
  • Handle varar
  • Å delta i sosiale aktivitetar/hobbyar som er viktige for deg
  • Ta i bruk aktuelle hjelpemidlar/teknologi

 

Korleis søkjer eg?

Tenesta kvardagsrehabilitering søkjast på gjennom Tildelingskontoret.

Søknadsskjema (PDF, 80 kB) ligg ute på heimesida til kommunen.

 

 

Sist endra 06.06.2018

Kontaktpersonar

Kvardagsrehabiliteringteam .

Mobil:

Tildelingskontoret .

Adresse

Åpent:
Måndag - Fredag
kl. 09.00 - 11.30
kl. 12.30 - 14.00

Kontaktinfo

Telefon Tildelingskontoret:
409 14 131

E-post: 
tildelingskontoret@bo.kommune.no


Adresser:

Besøksadresse
Gamleveg 43. (1.etg Bø sjukeheim)
3801 Bø

Postadresse:
Bø kommune, Tildelingskontoret
Postboks 83, 3833 Bø