Aktivitetssenteret AKS
Opent måndagar og onsdagar. Aktivitetssenter er eit lågterskeltilbod der du kan slå av ein prat over ein kopp kaffe. Aktivitetssenter har ulike aktivitetar som tilpasses interessa til dei som kjem.
Hågålia bufellesskap
Her er det 8 leilighetar som leies ut til menneske som ønskjer ei tettare oppfølging over ein kortare eller lengre periode. Det er også eit fellesrom der bebuarane kan komme inn for å slå av ein prat med kvarandre eller miljøarbeidaren.
Støttesamtale/miljøarbeidartenesta ute i bygda
Miljøarbeidaren er ein person som kan kome heim til deg eller møte deg ute for å støtte deg i å mestre kvardagen, følge til butikk, lege, NAV m.m. Støttesamtalene kan du få anten frå miljøarbeidaren, psykiatrisk sjukepleiar eller anna høgskulepersonell.
For meir informasjon om tenesta trykk her