I heimesjukepleia prøvar me og tilpasse tenestene til den enkelte brukar. Me prøvar å legge tilrette for at brukarar kan vere heime så lenge som mogleg. Me samarbeider med fastlegane, sjukehus, fysioterapi, hjelpemiddel og apotek.
Me har ein hjelpepleiar i hukommelsesteamet i kommunene. Dette teamet har som formål å identifisere og kartlegge brukarar i tidleg fase av demenssjukdom. Dei driver også med veileiing av brukar og pårørande.