Velferdsteknologi

Kommunane Bø, Nome og Sauherad har saman oppretta eit tre-årig prosjekt for innføring av velferdsteknologi i tenestane. Prosjektet held på til 30.08.2020 og har tilsett prosjektleiar i 100% stilling. Bø kommune er vertskommune.

Kommunane skal ta i bruk velferdsteknologi slik at:

  • Brukarane får løyst konkrete behov
  • Får betre tryggleik og høgare meistring
  • Kan bu lenger heime
  • Tenestene blir meir tilgjengelege
  • Kommunen kan bruke dei tilsette effektivt der det trengs mest
Publisert av Trine Eknes. Sist endra 04.01.2019

 Plan for innføring av velferdsteknologi i Midt-Telemark finn du her. (PDF, 732 kB) 

Prosjektet arbeider i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet.

 

Velferdsteknologiprosjektet i Vestfold og Telemark

Våre tre kommunar deltek i Velferdsteknologiprosjektet i Vestfold og Telemark. Til saman er 23 kommunar med i dette prosjektet som får tilskot frå Nasjonalt Velferdsteknologiprogram. Programmet skal bidra til at velferdsteknologi blir ein integrera del av helse- og omsorgstenestene innen 2020.

Kommunevåpen.png - Klikk for stort bilete

Hovudsatsinga i prosjektet er ein felles anskaffing av nye digitale tryggleiksalarmar. Anbodet blei vunne av Doro Care AS. I løpet av 2019 byter me derfor ut dei gamle tryggleiksalarmane med den nye digitale typen. Brukarar som har tryggleiksalarm i dag vil bli kontakta på førehand.

 

I løpet av 2019 planlegg vi å ta i bruk følgande teknologiar:

Digital tryggleiksalarm

Det analoge telefonnettet fases etter kvart ut og dagens analoge tryggleiksalarmar må derfor byttas ut. Digital tryggleiksalarm nyttar mobilnettet. Varselet går til Alarmsentralen som tar kontakt med deg for nødvendig oppfølging.

Mobil tryggleiksalarm

Ein mobil tryggleiksalarm kan du ha med deg når du går ut. Hvis du treng hjelp eller er utrygg, kan du trykke på alarmen og snakke med personell på alarmsentralen. Alarmen har innebygd GPS. Dette gjer det mogeleg å finne ut kvar du er om det er behov for det.

Her er ein video om mobil tryggleiksalarm frå Bærum kommune.

Lokaliseringsteknologi

Personar med redusert orienteringsevne som følge av for eksempel demens eller kognitiv svikt, kan ha nytte av lokaliseringsteknologi. Dei vil kunne fortsette å vera aktive og trygge utanfor eigen heim. Om dei ikkje finn vegen heim kan dei sporas via GPS.

Her er ein video frå Aldring og helse som forklarer korleis GPS-lokalisering verkar.

Sjå innslag frå laurdagsrevyen om GPS her.

Elektronisk medisineringsstøtte

Personar som har vanskar med å hugse å ta medisin til rett tidspunkt kan ha nytte av ein elektronisk medisineringsstøtte. Den varslar når medisinen skal tas slik at ein får rett medisin til rett tid. Skulle ein gløyme å ta medisinen, kan pårørande eller heimetenesten få beskjed. Dette fører til trygg og sikker medisinering.

Her er ein video om elektronisk medisineringsstøtte frå Lørenskog kommune.

Kontaktpersonar

Trine Eknes

prosjektleder velferdsteknologi