Praktisk informasjon til aktivitetskontaktar

 

Om aktivitetskontaktarbeid

Aktivitetskontaktar jobbar som oppdragstakar i Bø kommune.
Dei kan fleksibelt legge opp arbeidsdagar og timar sjølv, i samråd med brukar ut i frå vedtak, ønskje og behov.

Timeliste, utlegg og køyregodtgjersle
Det skal leverast timeliste kvar månad. Denne må leverast innan 1. kvar månad, og løn vert utbetalt den 12. i kvar månad.

I Bø kommune brukast elektroniske timelister via Visma. Her kan du òg levere utlegg og køyring via Visma Expense. Logg inn her


For instruksar, sjå link/vedlegg:

Oppspara timar og utlegg
I hovudsak tilrår me ikkje å spare opp timar, då aktivitetskontaktordninga oppfordrar til jamn og regelmessig aktivitet saman med brukar. Likevel gjev vi rom for noko oppsparing av enkelttimar, utlegg og km som kan nyttast om det planleggjast lengre turar eller større aktivitetar. Ved større oppsparing, kontakt koordinator for rettleiing.

Sjukepengar, feriepengar og pensjon
Som aktivitetskontakt i Bø kommune er ein oppdragsstakar og ein har eigenleg ingen rett til sjukepengar eller feriepengar, jf. *Ferieloven §2 . Likevel har Bø kommune i F-sak 43/03 vedteke at det vert utbetalt feriepengar til oppdragsstakar.

Godtgjersle vert ikkje utbetalt ved sjukdom/avbrot (til døme eksamen, reiser eller anna). Oppdragsstakar gjev likevel melding til koordinator for aktivitetskontakttjenesta og brukars primærkontakt ved sjukdom/arbeidsavbrot så tidleg som mogleg.

Ved sjukdom vert  det utbetalt sjukepengar frå folketrygda. Dette skjer først etter 16 dagars sjukefråvær. Elles vert reglene lagt i folketrygdloven sine avgjerder om eigenmelding/sjukemelding til grunn for avtala. Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til NAV lokalt.

Oppdragsstakar vert ikkje innmeld i pensjonsordninga til kommunen.
 

Teieplikt

Teieplikta inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege tilhøve rundt han/hun du er støttekontakt for. Teieplikta kan berre opphevast av brukar sjølv eller av hans verge/pårørande. Det er viktig å hugse at teieplikta gjeld frå første kontaktpunkt / informasjonsutveksling, og gjeld også etter at aktivitetskontaktoppdraget er avslutta.
 

Politiattest

Som aktivitetskontakt kan du påleggjast å framvise politiattest. Det vert kravt politiattest for personar som skal yta helse – og omsutstenester til barn og personar med psykisk utviklingshemming (jfr. Løyve om barnevernstenester § 6 – 10, siste ledd og Lov om kommunale helse og omsutstenester § 5 -4). Politiattesten skal vise om søkar er sikta, tiltalt, ilagt førelegg eller dømd for seksuelle overgrep. Søkar har sjølv ansvar for å innhente politiattest og vil motta søknadsskjema og stadfesting på at politiattest er naudsynt frå koordinator som set i verk oppdraget.

For å kunna søkja politi attest, må ein ha stadfesting frå koordinator. Når du har motteke denne, kan du søkja attest på politi.no.
 

Ein god rollemodell

Aktivitetskontakten må ha overskot å gje av, vera trygg på seg sjølv og ha evna til samarbeid. Aktivitetskontakten må kunne halde avtaler, setje grenser og forholde seg profesjonelt til rolla si. Aktivitetskontakten må vere ein god rollemodell og overhalde reglar og lovar.
 

Alkohol og rus

Det er ikkje tillatt å nyte/bruke alkohol eller rus under oppdrag eller i lag med brukar.

 

Avslutning av aktivitetskontaktoppdrag

1 mnd gjensidig oppsigelsestid.

 

Det er mogleg å få tenestebevis ved endt oppdrag.

Sist endra 05.04.2018