Søkje om aktivitetskontakt

 

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 05.04.2018

Korleis søkja om aktivitetskontakt?

Alle som bur i kommunen og har behov for hjelp for ikkje å isolere seg eller til å leve eit sosialt liv, kan søkje om å få ein aktivitetskontakt.

For å få tenesta må ein fylla ut eit søknadsskjema. (PDF, 80 kB)

For meir informasjon, kontakt tildelingskontoret

Aktivitetskontakttenesta er gratis, men brukar må sjølv rekne med å dekke sine eigne utgifter medan ein er saman med aktivitetskontakt, som til døme inngangspengar til symjehall, kinobillett osv.

Behandlingstid er om lag 3 veker.

Klage på vedtak eller tenesta skal sendast til tildelingskontoret. Overordna klageinstans er fylkesmannen.