Bø bibliotek

 

49283489_2265722097085501_2635590884300685312_o.jpg - Klikk for stort bilete

  • Søk, forny eller bestill direkte i biblioteket si samling.

  • Med nasjonalt lånekort kan du sjøl bestille frå andre bibliotek i Biblioteksøk og hente her.

  • Sjå det nyaste i biblioteket si samling: Kikkhullet

  • Last ned Bibliofil-appen på smarttelefon eller nettbrett, da vil du alltid ha lånekortet ditt tilgjengeleg, og det er lett å fornye og bestille.

  • Les digitale aviser og blader med Pressreader. Bruk ein pc på biblioteket, eller kople deg opp på vårt trådlause nett, og få tilgang i 7 dagar til over 5000 norske og utanlandske aviser og blader. Les meir om tilbodet frå Telemark fylkesbibliotek her

  • Du kan også sjå norsk kortfilm og dokumentar ved å logge deg på med lånekortnummer og pin på filmbib.no
     
  • Les e-bøker på smarttelefon eller nettbrett med appen eBokBib! Her gjeld same pålogging som til dei andre bibliotektenestene.

  • Følg oss på Facebook.

  • Nå kan du betale med Vipps på biblioteket i tillegg til kontant.

  • Du kan skrive ut frå publikumspc, det kostar kr. 2,- per side (kun svart/kvitt). Bruk av pc/ trådlaust nettverk er gratis.

 

Sommarles 2019 

Sommarles 2019 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Sommarles er ei nasjonal lesekampanje for ungar frå 1. til 7. trinn. Dei som byrjar på skulen år kan og vera med.  Her kan ein lese bøker, bli lest for eller høyre på lydbøker og registrere dei på sommarles.no.

Desto meir ein les, desto meir kjem ein opp i level. Det er premiar å hente på biblioteket ved level 10, 20 og 30. 

Dette er eit svært populært tilbod, og me håpar så mange som mogleg vil vera med. Kampanjen gjeld frå 1.juni til 31. august. 

 

 

Dette skjer på biblioteket

 

Språkkafè hausten 2019

 

Bli med på eit hyggelig og uhøgtidleg språktreff! 

Me snakkar norsk og brukar gjerne spel som hjelpemiddel til å finne variera tema.

Laurdagar  11.30 - 13.30

  • 31. august
  • 21. september
  • 19. oktober
  • 16. november
  • 14. desember

Torsdagar  16.30 - 18.15

  • 12. september
  • 03. oktober
  • 31. oktober
  • 28. oktober

 

Hilde Kari Skaftnesmo er drivar, og ønskjer at endå fleire kjem! Meld deg gjerne inn i gruppa på facebook.

 

Advokatvakten

 

Advokatvakten: Advokatvakten er eit tilbod du finn fleire plassar i landet, og no også på Bø bibliotek! Her kan du møte opp og få opp til 30 minutt gratis konsultasjon av medlemmar av Advokatforeningen. Møt opp på biblioteket og få konsultasjon med Advokatene Kåsa & Nilsen som held til i Bø. 

 

Advokatvakten hjelper deg med å svare på juridiske spørsmål, samt avklare om du har ein sak du burde gå vidare med eller ikkje. Statistikk viser at svært mange får avklart det juridiske spørsmålet sitt gjennom eit besøk hos Advokatvakten. Ei undersøking frå Advokatvakten i Oslo synde at ca. 70 prosent av brukarane fekk saken sin løst der og da.


Dei som ynskjer bistand må møte opp seinast kl. 17.30. Dersom det ikkje har møtt opp nokon innan dette tidspunktet vert advokatvakten avslutta tidligare.

Hausten 2019

  • 05. september
  • 03. oktober
  • 07. november

Våren 2020

  • 06. februar
  • 05. mars
  • 02. april

 

Vel møtt!

 

Datahjelp/seniornett har tatt sommarferie!

 

Datahjelp er å få på biblioteket kvar onsdag frå 10-12. Då kjem det folk frå seniornett og hjelper til med forståing av digitale tenestar og sosiale media!

Her kan alle kome som vil ha litt hjelp til å bli betre på smarttelefonar og nettbrett! Eit samarbeid mellom Seniornett Bø og Bø kommune. 

 

SISTE DAG: Onsdag 24 april! 

 

Velkomen inn på Bø bibliotek! 

Sist endra 23.08.2019

Åpningstider

Ope:
Tysdag:

14.00 - 19.00

Onsdag:
10.00 - 16.00

Torsdag:
14.00 - 19.00

Fredag:
10.00 - 16.00

Laurdag:
11.00 - 14.00
 

ADRESSE

Besøksadresse:
Bøgata 69
(2.høgda i Sparebanken DIN)

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Telefon: 
35 05 92 40

Faks:
35 05 92 45

E-post:
bo.bibliotek@bo.kommune.no

Følg oss på Facebook

Kartpunkt