Bø kulturskule - Målsetting for el-bass

I målsettingane for Bø kulturskule står det m.a.:

1.1.Bø kulturskule skal arbeide for å gje alle innbyggjarane i kommunen:
·gode vilkår for å utvikle musikalske evner og anlegg
·gode tilbod om eit aktivt og rikt musikkliv
·eit godt oppvekst og kulturmiljø
1.2.For å utnytte dei samla ressursane på best mogleg måte skal Bø kulturskule arbeide for ei tenleg samordning av musikktiltaka i kommunen, både det som kommunen organiserar og tilbodet i dei frivillige organisasjonane.
1.3.Bø kulturskule skal vere eit musikkpedagogisk servicesenter i kommunen og gjennom dette bl.a. støtte barnehagane, grunnskulen, og dei frivillige musikkaktivitetane, gje tilbod om undervisning både til barn og vaksne, og stimulere til aktiv kulturformidling. (vedtatt av utval for kultur 1996)

Gjennom arbeid med musikk som kunstnarisk uttrykksform skal elevane:
·utvikle sin eigen musikalitet, og gleda ved å kunne spela og syngje
·utvikle vokale og instrumentale ferdigheitar og evna til formidling
·utvikle evna til samspel og samhandling
·få tiltru til eigne skapande evner
·bli ressurspersonar som kan medverke til å utvikle musikklivet i nærmiljøet
·få eit tilbod, unnsett personlege føresetnader eller utgangspunkt
·få innføring i grunnleggjande instrumentalteknikk, musisering
(Progresjon leggjast opp etter den enkeltes innsats og føresetningar)
·få tilbod om å spele/ syngje på minst eit arrangement i løpet av skuleåret















MÅL FOR EL.BASS

Til alle tider har menneske uttrykt seg gjennom song og instrument, og i dag er musikk ein viktig identitetsmarkør for unge menneske. Musikkaktivitetar utviklar og integrerar heile menneske sin personlegdom i det dei varetek auditiv, emosjonell, motorisk, intellektuell og sosial utvikling.
Spel, song, ensemble og konsertar er kjernen i musikkskulen sitt tilbod. Musikkskulen ønskjer å ivareta bredda i musikktilbodet, og gi kvar enkelt elev vekstmoglegheiter. Gjennom musikalsk innleving, og formidling av musikk til andre, vil eleven oppleve å ha verdi, få styrka si sjølvkjensle og dermed bli styrka som menneske.
(fritt etter ”Rammeplan for kulturskolen” 2003)

El.bassen er det tonale fundamentet i lydbiletet i mange ulike ensemble, og nyttast i all hovudsak i rytmisk musikk. Ved sida av trommesettet, utgjer el.bassen og det rytmiske fundamentet. Når ein skal lære å spele bass er det like viktig at ein øver slik ein må det på alle andre instrument, men det er og viktig å erfare det å spele med andre.


Basiskompetanse for el.bass
For å kunne meistre å spele el.bass åleine og i lag med andre må eleven arbeide med:
·stemming av bassen
·speleteknikk
·spelestilling
·rytme
·noter
·kjennskap til ulike stilar og ulike ”groovar”
·gehør/lytting
·musisering/frasering
·ulike spelemetodar og spelestilar
·improvisasjon
·enkel komponering


Arbeidsformar
Måten, eller metoden vi brukar for å utvikle basiskompetanse vil vere å:
·”herme” eller imitere kva læraren forespelar. (Dette er kan hende den mest vanlege arbeidsforma innan all musikkopplæring i musikkskulen.)
·finne variert repertoar som både fremjar instrumentale ferdigheitar, og aukar motivasjonen hos eleven til å spele-syngje. Repertoarvalet er vesentleg for å utvikle basiskompetansen. Repertoaret vil både bestå av øvingar og repertoar innan ulike sjangrar og stilepoker.
·analysere- samtale både om musikken vi høyrer-spelar, og les ut av eit notebilete.
·improvisere på det nivået eleven til ein kvar tid er på.
·komponere ut frå den kunnskap og erfaring eleven har tilegna seg
·spele i lag med andre, både på same instrument, men og med andre instrument
Alle barn på blåse og slagverkinstrument i musikkskulen blir automatisk medlem i Bø skulemusikk. Dei blir aktiviserte i samspel frå det andre året dei mottek undervisning. Mye av instrumentalundervisninga går føre seg i grupper. Gjennom samspel oppøver eleven både gehør, rytmekjensle og evna til å innordne seg både som menneske og musikar.

Sist endra 24.05.2017