Bø kulturskule - Målsetting for fløyte

målsettingane for Bø kulturskule står det m.a.:
1.1. Bø kulturskule skal arbeide for å gje alle innbyggjarane i kommunen:
· gode vilkår for å utvikle musikalske evner og anlegg
· gode tilbod om eit aktivt og rikt musikkliv
· eit godt oppvekst og kulturmiljø
1.2. For å utnytte dei samla ressursane på best mogleg måte skal Bø kulturskule arbeide for ei tenleg samordning av musikktiltaka i kommunen, både det som kommunen organiserar og tilbodet i dei frivillige organisasjonane.
1.3. Bø kulturskule skal vere eit musikkpedagogisk servicesenter i kommunen og gjennom dette bl.a. støtte barnehagane, grunnskulen, og dei frivillige musikkaktivitetane, gje tilbod om undervisning både til barn og ungdom, og stimulere til aktiv kulturformidling. (vedtatt av utval for kultur 1996)

Gjennom arbeid med musikk som kunstnarisk uttrykksform skal elevane:
· utvikle sin eigen musikalitet, og gleda ved å kunne spela og syngje
· utvikle vokale og instrumentale ferdigheitar og evna til formidling
· utvikle evna til samspel og samhandling
· få tiltru til eigne skapande evner
· bli ressurspersonar som kan medverke til å utvikle musikklivet i nærmiljøet
· få eit tilbod, unnsett personlege føresetnader eller utgangspunkt
· få innføring i grunnleggjande instrumentalteknikk, musisering
(Progresjon leggjast opp etter den enkeltes innsats og føresetningar)
· få tilbod om å spele/syngje på minst eit arrangement i løpet av skuleåret
 

Sist endra 24.05.2017
Fann du det du leita etter?