Kulturskulen - Målsetting for hardingfele

I målsettingane for Bø kulturskule står det m.a.:

1.1.Bø kulturskule skal arbeide for å gje alle innbyggjarane i kommunen:
·gode vilkår for å utvikle musikalske evner og anlegg
·gode tilbod om eit aktivt og rikt musikkliv
·eit godt oppvekst og kulturmiljø
1.2.For å utnytte dei samla ressursane på best mogleg måte skal Bø kulturskule arbeide for ei tenleg samordning av musikktiltaka i kommunen, både det som kommunen organiserar og tilbodet i dei frivillige organisasjonane.
1.3.Bø kulturskule skal vere eit musikkpedagogisk servicesenter i kommunen og gjennom dette bl.a. støtte barnehagane, grunnskulen, og dei frivillige musikkaktivitetane, gje tilbod om undervisning både til barn og vaksne, og stimulere til aktiv kulturformidling. (vedtatt av utval for kultur 1996)

Gjennom arbeid med musikk som kunstnarisk uttrykksform skal elevane:
·utvikle sin eigen musikalitet, og gleda ved å kunne spela og syngje
·utvikle vokale og instrumentale ferdigheitar og evna til formidling
·utvikle evna til samspel og samhandling
·få tiltru til eigne skapande evner
·bli ressurspersonar som kan medverke til å utvikle musikklivet i nærmiljøet
·få eit tilbod, uansett personlege føresetnader eller utgangspunkt
·få innføring i grunnleggjande instrumentalteknikk, musisering
(Progresjon leggjast opp etter den enkeltes innsats og føresetningar)
·få tilbod om å spele/syngje på minst eit arrangement i løpet av skuleåre








MÅL FOR HARDINGFELE

Til alle tider har menneske uttrykt seg gjennom song og instrument, og i dag er musikk ein viktig identitetsmarkør for unge menneske. Musikkaktivitetar utviklar og integrerar heile menneske sin personlegdom i det dei i varetek auditiv, emosjonell, motorisk, intellektuell og sosial utvikling.
Spel, song, ensemble og konsertar er kjernen i musikkskulen sitt tilbod. Kulturskulen ønskjer å ivareta bredda i musikktilbodet, og gi kvar enkelt elev vekstmoglegheiter. Gjennom musikalsk innleving, og formidling av musikk til andre, vil eleven oppleve å ha verdi, få styrka si sjølvkjensle og dermed bli styrka som menneske.
(fritt etter ”Rammeplan for kulturskolen” 2003)

Kort fakta omkring hardingfela:
Instrument sitt opphav er uvisst. Det er truleg at ein vanleg fiolin med understrenger har vore førebilete. Den eldste fela vi kjenner til har innskrift frå 1600-talet. Hardingfele tilhøyrer strykeinstrument- familien. Hardingfela blir både bruka som eit soloinstrument, og i lagspel som t.d. i ”Juniorspelemannslaget” i Bø. Instrumentet er strekt knytta mot ulike danseformar som t.d. springar, gangar og turdansar av ymse slag.

Vedlikehald:
Tørk av fela med tørr fille, særleg under strengane.

Basiskompetanse for hardingfele
For å kunne meistre å spele hardingfele åleine og i lag med andre må eleven arbeide med:
·bogeføring
Det er viktig med rett bogeføring og fingersetting for å lære å beherske instrumentet.
·generell spelestilling
·gehør/lytting
Eleven lytter til læraren sitt spel, og andre t.d. innspelt musikk, deltaking på kappleikar, osv. Det er viktig å lytte til ulike speletradisjonar.
·rytme
Arbeidsformar
Måten, eller metoden vi brukar for å utvikle basiskompetanse vil vere å:
·”herme” eller imitere kva læraren forespelar. Finne variert repertoar som både fremjar instrumentale ferdigheitar, og aukar motivasjonen hos eleven til å spele. Repertoarvalet er vesentleg for å utvikle basiskompetansen. Repertoaret vil både bestå av øvingar, ”stoff” innan ulike sjangrar og stilepoker.
·analysere og samtale om musikken vi høyrer-spelar.
·improvisere på det nivået eleven til ein kvar tid er på.
·komponere ut frå dei kunnskapane og erfaringane eleven har tilegna seg.
·spele i lag med andre, både på same instrument, men og med andre instrument.

Sist endra 24.05.2017