Bø kulturskule - Målsetting for klarinett

I målsettingane for Bø kulturskule står det m.a.:

1.1.Bø kulturskule skal arbeide for å gje alle innbyggjarane i kommunen:
·gode vilkår for å utvikle musikalske evner og anlegg
·gode tilbod om eit aktivt og rikt musikkliv
·eit godt oppvekst og kulturmiljø
1.2.For å utnytte dei samla ressursane på best mogleg måte skal Bø kulturskule arbeide for ei tenleg samordning av musikktiltaka i kommunen, både det som kommunen organiserar og tilbodet i dei frivillige organisasjonane.
1.3.Bø kulturskule skal vere eit musikkpedagogisk servicesenter i kommunen og gjennom dette bl.a. støtte barnehagane, grunnskulen, og dei frivillige musikkaktivitetane, gje tilbod om undervisning både til barn og vaksne, og stimulere til aktiv kulturformidling. (vedtatt av utval for kultur 1996)

Gjennom arbeid med musikk som kunstnarisk uttrykksform skal elevane:
·utvikle sin eigen musikalitet, og gleda ved å kunne spela og syngje
·utvikle vokale og instrumentale ferdigheitar og evna til formidling
·utvikle evna til samspel og samhandling
·få tiltru til eigne skapande evner
·bli ressurspersonar som kan medverke til å utvikle musikklivet i nærmiljøet
·få eit tilbod, uansett personlege føresetnader eller utgangspunkt
·få innføring i grunnleggjande instrumentalteknikk, musisering
(Progresjon leggjast opp etter den enkeltes innsats og føresetningar)
·få tilbod om å spele/syngje på minst eit arrangement i løpet av skuleåret

MÅL FOR KLARINETTEN
Til alle tider har menneske uttrykt seg gjennom song og instrument, og i dag er musikk ein viktig identitetsmarkør for unge menneske. Musikkaktivitetar utviklar og integrerar heile menneske sin personlegdom i det dei i varetek auditiv, emosjonell, motorisk, intellektuell og sosial utvikling.
Spel, song, ensemble og konsertar er kjernen i musikkskulen sitt tilbod. Musikkskulen ønskjer å ivareta bredda i musikktilbodet, og gi kvar enkelt elev vekstmogleghetar. Gjennom musikalsk innleving, og formidling av musikk til andre, vil eleven oppleve å ha verdi, få styrka si sjølvkjensle og dermed bli styrka som menneske.
(fritt etter ”Rammeplan for kulturskolen” 2003)
LITT OM KLARINETTEN
Klarinetten er eit treblåseinstrument med enkelt rørblad. Klarinettfamilien er ganske stor, frå den vesle ess- klarinetten til den store kontrabass-klarinetten. Dei mest vanlige er b-klarinetten, a-klarinetten og bassklarinetten. Den klarinetten vi spelar på i musikkskulen er b-klarinetten, som også er den mest brukte i ulike samanhengar. Klarinetten finner vi brukt i janitsjarkorps som Bø skulemusikk og Bø ungdomskorps, i militærkorps og symfoniorkester. Som elev i musikkskolen får du også moglegheit til å spille åleine, saman med piano, i store og små klarinettensemble, blanda instrumentgrupper, band, blås etc.

Rekvisita/ Tilbehør /Vedlikehald

·Røyrblad/flis: Fuktas og festas på munnstykket. Røret gjer at lufta vi blåser gjennom instrumentet begynner å vibrere og dermed blir det lyd.
Røra får vi i ulike tjukkleikar etter som kor sterk vi er i leppene. Vi startar med Vandoren 21/2 og så aukar vi etter kvart til 3,31/2 osv.
Rør kan du få av lærar på timane ved behov el. hos dirigenten på korpsøvinga.
·Tørkeklut: Den tørker vi gjennom klarinetten med kvar gong vi tar ei pause el. er ferdig med å spele for dagen.
·Korkgrease: På enden av kvart stykke er det ein kork. Korkane smørjer vi med korkgrease 1-2 gonger i veka for å halde dei mjuke og fuktige. Smør helst etter at du er ferdig med spelinga slik at korkgreasen får tid til å trekkje inn i korka.

Det er viktig at eleven held klarinetten godt ved like. Da har eleven eit godt instrument lenge og kostnadene til reparasjonar blir mindre. Dette gjer eleven ved å:
·tørke gjennom instrumentet etter bruk
·smørje korkane
·unngå vatn! Berre munnstykket kan vaskast i lunka vatn, men unngå vatn på korka.
·ikkje et is/brus/søtsaker rett før speling
·legg instrumentet på ein trygg stad, både heime og i pausa på korpsøvinga.
Skruane kan gjenge seg ut ein gong iblant. Derfor kan det vere lurt å sjekke dei av og til. Ta kontakt med læraren om noko skjer med instrumentet. Ikkje skru el. skifte puter sjølv!
Etter jamn bruk må klarinetten til ei større overhaling kor alt av puter og korkar skiftes og klaviaturet justerast. Da sender dirigenten el. materialforvaltar instrumentet til ein instrumentmakar.

BASISKOMPETANSE FOR Å SPELE KLARINETT
-pust og pusteteknikk
-munnstilling
-generell spelestilling
-gehør/lytting
-rytme
-notelesing
ARBEIDSFORMAR
-gehørbasert opplæring: her spelar vi berre på øyret, altså utan noter.
- "herme" eller imitere kva læraren el. andre elevar spelar
-komposisjon: for eksempel lage eigne små melodiar
-skalaøvingar: varm alltid opp med ein skala så snart eleven kan nok tonar til det. Viktig at elevane får kjennskap til dei mest brukte skalaene da all musikk er bygd over skalaer.
-analyse/form: vi samtaler bl.a. om korleis ein melodi er bygd opp/satt saman eks. A-B-A-form, spørsmål- svar
-finne variert repertoar som både fremjar ferdigheitar og aukar motivasjonen hos eleven til å spele. Repertoarvalet er vesentleg for å utvikle basiskompetansen. Repertoaret vil bestå av øvingar, musikkstykke innan ulike sjangrar og stilepoker.
-spele i lag med andre på same instrument, men og med andre instrument

UNDERVISNINGSSTOFF OG HJELPEMIDLAR
Instrumentopplæringa startar opp med små øvingar på ark. Det er derfor nødvendig at eleven skaffar seg ei mappe til å ha disse arkene i.
Når notelesinga etter kvart blir innført brukar eg klarinettskolen:
"Min egen klarinettskole" av Halvor Lunde og Steinar Eielsen eller "Midt i blinken" av Stein Ivar Mortensen og Elisabeth Vannebo. Elevane får beskjed med seg heim om kva for ein skule dei skal kjøpe.
Disse bøkene kan du m.a. få kjøpt hos Ljosland på Notodden eller Helland Musikk i Skien.
Bøkene blir etter kvart supplert med øvingar (skalaer og etydar) og andre solo og samspillstykke i ulike stilartar; klassisk, populærmusikk, jazz, blues osv.
Viktig at elevane tek med seg boka og anna notemateriell vi bruker på kvar time. Da kan eg notere små beskjeder som gjelder kvar enkelt elev og som viser til gjeldane lekse. Flott om elevane kan skaffe seg et notestativ slik at de kan sitt eller stå riktig når de øver og dermed unngå vondt i nakke, skuldra og armar.

Sist endra 24.05.2017