Bø kulturskule - Målsetting for messinginstrument

I målsettingane for Bø kulturskule står det m.a.:

1.1.Bø kulturskule skal arbeide for å gje alle innbyggjarane i kommunen:
·gode vilkår for å utvikle musikalske evner og anlegg
·gode tilbod om eit aktivt og rikt musikkliv
·eit godt oppvekst og kulturmiljø
1.2.For å utnytte dei samla ressursane på best mogleg måte skal Bø kulturskule arbeide for ei tenleg samordning av musikktiltaka i kommunen, både det som kommunen organiserar og tilbodet i dei frivillige organisasjonane.
1.3.Bø kommunale musikkskule skal vere eit musikkpedagogisk servicesenter i kommunen og gjennom dette bl.a. støtte barnehagane, grunnskulen, og dei frivillige musikkaktivitetane, gje tilbod om undervisning både til barn og ungdom, og stimulere til aktiv kulturformidling. (vedtatt av utval for kultur 1996)

Gjennom arbeid med musikk som kunstnarisk uttrykksform skal elevane:
·utvikle sin eigen musikalitet, og gleda ved å kunne spela og syngje
·utvikle vokale og instrumentale ferdigheitar og evna til formidling
·utvikle evna til samspel og samhandling
·få tiltru til eigne skapande evner
·bli ressurspersonar som kan medverke til å utvikle musikklivet i nærmiljøet
·få eit tilbod, uansett personlege føresetnader eller utgangspunkt
·få innføring i grunnleggjande instrumentalteknikk, musisering
(Progresjon leggjast opp etter den enkeltes innsats og føresetningar)
·få tilbod om å spele/syngje på minst eit arrangement i løpet av skuleåret

Mål for messinginstrument
Til alle tider har menneske uttrykt seg gjennom song og instrument, og i dag er musikk ein viktig identitetsmarkør for unge menneske. Musikkaktivitetar utviklar og integrerar heile menneske sin personlegdom i det dei i varetek auditiv, emosjonell, motorisk, intellektuell og sosial utvikling.
Spel, song, ensemble og konsertar er kjernen i musikkskulen sitt tilbod. Kulturskulen ønskjer å ivareta bredda i musikktilbodet, og gi kvar enkelt elev vekstmoglegheiter. Gjennom musikalsk innleving, og formidling av musikk til andre, vil eleven oppleve å ha verdi, få styrka si sjølvkjensle og dermed bli styrka som menneske. (fritt etter ”Rammeplan for Kulturskolen”)

Kort fakta omkring messinginstrument:
Kornett, trompet, waldhorn, trombone, baryton og tuba er dei messinginstrumenta som ein finn i musikkskulen i Bø. Instrumenta kallast også for blåseinstrument, det vil seie at pusten spelar ein viktig rolle for å få instrumenta til å låte.
Messinginstrumenta har ein lang tradisjon, men instrumenta slik vi kjenner dei i dag har forandra seg lite sidan 1850.
Instrumenta kan nyttast i mange samspelsamanheng som korps, storband, symfoniorkester og ulike (messing)ensemble. Instrumenta er også mykje nytta som soloinstrument med piano- eller orgelakkompagnement.

Vedlikehald:
Det er viktig å ta godt vare på instrumentet slik at ein unngår bulkar og ripar. Ventilane må smørast med ventilolje og bøylane skal smørast med vaselin. Munnstykket skal vaskast vekentleg, gjerne med ein munnstykkebørste. 1 til 2 gonger i året treng instrumentet ein heilvask. Sjå vedlagte ark for vask- og vedlikehaldinstruks.

Basiskompetanse for messinginstrument:
For å kunne meistre å spele eit messinginstrument åleine og i lag med andre må eleven arbeide med:

·Pust og pusteteknikk
Nøkkelen til å spele eit blåseinstrument er pusten. Vi jobbar for å få ein kontrollert bruk av ein jamn naturleg, luftstrøm. Jo meir kontroll over pusten, dess mindre press på leppene.
·Munnstilling
Det å ha riktig munnstilling er vesentleg for å spele. Dette øver vi på frå dag ein. Vi startar med munnstykkeøvingar som er med på å trene opp og stabilisere ”ambisen” (muskulaturen)
·Generell spelestilling
Det er viktig at kroppen er avspent med senka skulder og rett rygg.
·Gehør/ lytting
Læraren er eit viktig klangideal. Eleven imiterar det læraren spelar. Arbeid med gehøret er viktig både for å lære å korrigere seg sjølv, og for å kunne utforske instrumentet og si eiga musikalitet.


·Rytme
Vi klappar, syng og trampar både grunnpuls og melodirytme. Dette er heilt vesentleg m.a. for å kunne meistre samspel.
·Noter
Nybegynnarane begynner å lære noter med det same dei får instrumentet. Dette gjerast i kombinasjon med at dei spelar på gehøret.

Arbeidsformar
Måten, eller metoden vi brukar for å utvikle basiskompetanse vil vere å:
·”Herme” eller imitere kva læraren førespelar.
Eleven lærer raskast utan for mange verbale forklaringar. Det å imitere lærar utviklar både evna til musisering og teknikk på ein naturleg måte.
·Finne variert repertoar som både fremjar instrumentale ferdigheitar, og aukar motivasjonen hos eleven til å spele- syngje. Repertoarvalet er vesentleg for å utvikle basiskompetansen. Repertoaret vil både bestå av øvingar, ”stoff” innan ulike sjangrar og stilepoker.
·Analysere og samtale om musikken vi høyrer - spelar.
Dette er med på å gjere eleven medviten det han/ho skal spele, og gjer det enklare å lære utanat. Det kan og vere effektivt å analysere melodiar o.l. medan dei øvast inn.
·Improvisere på det nivået eleven til ein kvar tid er på
·Komponere ut frå dei kunnskapane og erfaringane eleven har tilegna seg
Eleven kan ut frå den kunnskap han/ho rår over lage sine eigne små melodiar.
·Spele i lag med andre, både på same instrument, men og med andre instrument
Alle barn på blåse og slagverkinstrument i musikkskulen blir automatisk medlem i Bø skulemusikk. Dei blir aktiviserte i samspel frå det andre året dei mottek undervisning. Mye av instrumentalundervisninga går føre seg i grupper. Gjennom samspel oppøver eleven både gehør, rytmekjensle og evna til å innordne seg både som menneske og musikar.

Lærebøkar vi brukar den fyrste tida og som eleven sjølv bør kjøpe:
·”Midt i blinken” (Elin Mortensen, Elisabeth Vannebo og Stein Ivar Mortensen)
Lærar bestiller bøker etter behov.

Sist endra 24.05.2017