Bø kulturskule - Målsetting for piano

I målsettingane for Bø kulturskule står det m.a.:

1.1.Bø kulturskule skal arbeide for å gje alle innbyggjarane i kommunen:
·gode vilkår for å utvikle musikalske evner og anlegg
·gode tilbod om eit aktivt og rikt musikkliv
·eit godt oppvekst og kulturmiljø
1.2.For å utnytte dei samla ressursane på best mogleg måte skal Bø kulturskule arbeide for ei tenleg samordning av musikktiltaka i kommunen, både det som kommunen organiserar og tilbodet i dei frivillige organisasjonane.
1.1.Bø kulturskule skal vere eit musikkpedagogisk servicesenter i kommunen og gjennom dette bl.a. støtte barnehagane, grunnskulen, og dei frivillige musikkaktivitetane, gje tilbod om undervisning både til barn og ungdom, og stimulere til aktiv kulturformidling. (vedtatt av utval for kultur 1996)

Gjennom arbeid med musikk som kunstnarisk uttrykksform skal elevane:
·utvikle sin eigen musikalitet, og gleda ved å kunne spela og syngje
·utvikle vokale og instrumentale ferdigheitar og evna til formidling
·utvikle evna til samspel og samhandling
·få tiltru til eigne skapande evner
·bli ressurspersonar som kan medverke til å utvikle musikklivet i nærmiljøet
·få eit tilbod, uansett personlege føresetnader eller utgangspunkt
·få innføring i grunnleggjande instrumentalteknikk, musisering
(Progresjon leggjast opp etter den enkeltes innsats og føresetningar)
·få tilbod om å spele/syngje på minst eit arrangement i løpet av skuleåret

MÅL FOR PIANO
Til alle tider har menneske uttrykt seg gjennom song og instrument, og i dag er musikk ein viktig identitetsmarkør for unge menneske. Musikkaktivitetar utviklar og integrerar heile menneske sin personlegdom i det dei i varetek auditiv, emosjonell, motorisk, intellektuell og sosial utvikling.
Spel, song, ensemble og konsertar er kjernen i musikkskulen sitt tilbod. Musikkskulen ønskjer å ivareta bredda i musikktilbodet, og gi kvar enkelt elev vekstmoglegheiter. Gjennom musikalsk innleving, og formidling av musikk til andre, vil eleven oppleve å ha verdi, få styrka si sjølvkjensle og dermed bli styrka som menneske. (fritt etter ”Rammeplan for kulturskolen” 2003)
Kort fakta omkring piano:
Pianoet er eit ca 400 år gamalt instrument. Det har røter tilbake til cembalo og klavikord. På 1800 talet fekk det sin noverande form.
I musikkskulen blir piano bruka både som soloinstrument og som akkompagnerande instrument til m.a. songarar og andre instrument.

Vedlikehald:
Man bør stemme pianoet kvart halvår. Pass på at ikkje instrumentet står ved varmeomnen eller ved døra der du luftar.

Basiskompetanse for piano
For å kunne meistre å spele piano åleine og i lag med andre må eleven arbeide med:
·Sitte og handstilling:
Det er viktig med ein god stol i riktig høgde. Armane skal kunne røre seg ledig. Handa skal vere ”rund.
·Gehør/lytting:
Vi arbeider med å høyre dur og moll, om ein melodi går trinnvis eller har store sprang. Det er viktig at læraren forespelar slik at eleven blir aktivt lyttande.
·Puls:
Arbeid med puls er viktig, særleg i starten. Vi trampar, klappar, går og brukar ordrytme.
·Notar: Det er viktig å trene på å lese notar. Det kan vere lurt å bruke to lette spelehefte parallelt. For å lese notar hurtig må eleven lære å gruppere og kjenne igjen det dei ser.
Arbeidsformer
Måten, eller metoden vi brukar for å utvikle basiskompetanse vil vere å:
·”herme” eller imitere kva læraren forespelar. Vi trener minnet og får korrigert eventuelle feil. Læraren er eit viktig førebilete både i arbeidet med musisering og teknikk.
·finne variert repertoar. Eleven skal få kjennskap til ulike genre og stilepokar. Det er læraren sin oppgåve å finne kombinasjonar av kva eleven kan klare og kva han ønskjer å spele.
·analysere musikken vi høyrer- spelar. Vi arbeidar med form, oppbygging og høgdepunkt. Dette hjelper eleven til å lære utenat og frigjere han/ho frå notane.
·improvisere på det nivået eleven til ein kvar tid er på. Eleven må gjere musikalske erfaringar for å bli kreative. Eleven kan dikte på småstykka sine, lage forspel, etterspel, lage melodiar til vers og reglar. Ein kan bruke pedal, lage tonemåleri, klangfargar, glissando og spele ulike skalaer. Alt dette blir verktøy eleven kan bruke i eigne ytringar.
·øve samspel. Det gir utfordringar både av musikalsk og personleg art når ein skal spele i lag. Det finnast eit rikt repertoar for firhendig klaver, noko som vi brukar ofte i undervisninga. Samspel med andre instrument kjem ofte til i samband med litt større konsertar i musikkskulen.

Praktiske tips og hjelpemiddel
Det er sjølvsagt at eleven skaffar seg eit piano når han/ho vil lære å spele.
Det er lurt å ha ei eiga veske og perm for å halde orden på notane og spelehefta. Eleven bør og ha ei notisbok der lekse og beskjedar kan skrivast opp. Pianohefter kan ein få kjøpt på Notodden, Skien, eller få bestilt gjennom bokhandelen i Bø. Det er ofte at gamle hefte kan vere like bra som nye. ”Barnas noteskrivebok” kan anbefalast. Her er det god plass til å skrive nøklar og notar.
Mange nye hefte seljast i dag med CD. Det er viktig å få høyrd god pianomusikk slik at elevane veit kva slag mål dei skal jobbe mot. Speletimen i musikkskulen er så kort at det er begrensa kor mykje tid læraren kan bruke på å spele for eleven. Det finnast innspelingar av det meste av litteraturen for piano, om ein er interessert i å høyre. Du kan ta ein tur på biblioteket, eller spør på kulturkontoret om det noko du vil ha tak i. Det er sjølvsagt også spennande å gå på konsert der du både kan sjå og høyre kva pianisten gjer. Dette anbefalast særleg for dei som har spela ei stund.
Elevar blir ofte inspirert av å høyre andre elevar som spelar eit fint stykkje. Kva som er drivkrafta og motivasjonen varierar frå person til person, akkurat som vi lærar og opplever ulikt, ut frå erfaringar, evner og miljø. Vi i kulturskulen ønskjer å legge til rette undervisningstilbodet etter kvar enkelt elev sine føresetnader og ønskjer.

Sist endra 24.05.2017