Praktisk informasjon

 Kulturskule.jpg - Klikk for stort bilete

Om eleven er forhindra frå å møte

Om eleven er forhindra frå å møte må de gi melding direkte til lærar eller til kulturskulen; tlf. 35 05 92 23 (Guri) eller 35 05 92 24 (Sverre)



Om læraren er sjuk

Vi gjer kva vi kan for å sette inn vikar dersom læraren er sjuk. Det er ikkje alltid vi lukkast på kort varsel. Det kan vere gonger der vi må avlyse undervisninga. Ungane vi då få melding om dette gjennom skulen, el. pr. telefon. Vi følgjer skulen si skulerute, med unntak frå når den enkelte skule har planlegging eller kursdag for lærarane.



Praktisk informasjon

  • Det kan vere lurt å skaffe ein perm med skiljeark til notar og meldingar frå lærar. Sjekk permen jamleg i lag med ungen din.
  • Alle i kulturskulen skal få tilbod om å få spele/syngje på eit arrangement i løpet av skulåret.
  • Alle nybyrjarar får tilbod om å opptre på konsert i Framstugo
  • Elevar på blåse- og slagverkinstrument er automatisk medlemmar i Bø skulemusikk.
  • Elevar på hardingfele blir også medlem i Bø juniorspelemannslag.
  • Ønskjer du ein prat med lærar, eller har du barn som har behov for spesiellt tilrettelagt undervisning, ta kontakt med oss.


Generelt om øving

  • Å spela bør vere lystprega! Det er likevel nødvendig at ungane får hjelp med å finne fram til faste og gode øvingsrutinar. Å få rutine på at øving kan gjerast etter skulearbeid, eller før/etter andre gjeremål gjer det lettare å hugse på at ein skal øve. Oppmuntre ungen din til å spele heime. Familien bør tåle litt lyd i huset, særleg i starten då alt ikkje let like vakkert. Det er betre med ei kort øvingsøkt om dagen, enn ei lang øving like før ein går på time. Det er med song og spel, som med alt anna, jo meir ein øver, jo betre blir meistringa, jo meir moro blir det! Meistring gjev motivasjon!
  • For nokre elevar kan det vere hjelp i at foreldra er med på timen, for andre ikkje. Gjer avtale med læraren din om kva som vil vere det beste. Det kan vere lurt å avtale med den einskilde lærar kvar ein skal skrive opp kva leksa til neste uke er.
  • Eigeninnsats er viktig og nødvendig om ein vil ha eit bra resultat.
Sist endra 26.04.2019
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Kommunehuset
Bøgata 67 Postboks 83
3833 Bø i Telemark
Telefon
: 35 05 90 00

Faks
: 35 05 90 09
Org.nr.
: 962 276 172

Ord for dagen

Det er enklere å sloss for prinsippene sine enn å leve opp til dem.
-Alfred Adler

Dagens ord
Login for redigering Login for redigering