Søk om plass, friplass og oppseiing

Korleis søke plass på kulturskulen

Dei som allereie er elevar i kulturskulen skal re-registrere seg. Brukarnamnet er fødselsdato til eleven. f.eks. 020273. Trykk på glemt passord og fyll inn e-posten du tidlegare har oppgitt til kulturskulen.
Elevar som ikkje er registrert i kulturskulen skal trykke på ny elev.

Frist for å melde seg på er 20.mai, men det er mogleg å melde seg på heile skuleåret.

Ein må re-registrere seg innan 20. kvart år, ellers takkar ein nei til vidare plass for neste skuleår.

Elektronisk søknadsskjema

 

Søknad om friplass ved Bø kulturskule

Det er mogleg å søkje friplass for elevar i kulturskulen. For å kunne få friplass må skattbar inntakt i hushaldninga vere på kr. 430.000,- eller mindre i året. Som hushald reknas ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.

Det må søkjast om friplass for eitt og eitt skuleår. Ved tildelt friplass for haustsemester, må det søkjast på nytt til våren.

Søknadsfristar

Fristar for søking av friplass er 15. september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.

Søknadsskjema friplass (PDF, 633 kB)

 

Oppseiing av plass

Ved ønskje om oppseiing av plass kan ein sende ein mail til rektor Guri Røsok på guri.rosok@bo.kommune.no. Ein kan seie opp plassen ved utgongen av kvart semester, viss ikkje må ein betale for heile semesteret ein er inne i.

Sist endra 26.04.2019

Kontaktpersonar

Guri Røsok

Rektor kulturskulen