Kulturmidlar

halling fjeld Bø kultur.jpg - Klikk for stort bilete Årleg vert det sett av midlar i kommunen sitt budsjett, med føremål å støtte lokalt kulturliv. Midlane blir fordela to gonger i året etter søknad til utval for oppvekst og kultur. Søknadsfrist 1. mars og 1. oktober. 

Utval for oppvekt og kultur skal prioritere søknadene ut frå følgjande kriterium:

  • Tiltak i form av prosjekt, produksjonar eller arrangement, der ekstern støtte (frå kommunen o.a.) er avgjerande for realisering. Det vil ikkje bli gitt faste driftstilskot.
  • Tiltak som er innarbeidde i kommunens planar og ut frå evt. prioritering av tiltak der.
  • Tiltak som er nyskapande eller fører til vidareutvikling av eksisterande tiltak.

Søknaden stilast til Bø kommune, eining for kultur og utformast som eit brev med vedlagt prosjektplan som må innehalde:

  • skildring av tiltaket
  • opplysningar om søkjar (kontaktinformasjon, evt organisasjonsnummer og NB viktig: kontonummer). 
  • budsjett

Søknad sendast på e-post til: postmottak@bo.kommune.no

Sist endra 24.05.2017