Spelemidlar

2012-06-22 17.23.14 (2).jpg - Klikk for stort bilete Spelemidlar er eit resultat av overskotet frå Norsk tipping. Av desse midlane kan det søkjast om stønad til både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg. Søknad går gjennom kommunen, via fylkeskommunen til Kulturdepartementet. 

Dei som kan søkje er idrettslag, velforeingar, burettslag, kommuner, fylkeskommuner, andelslag eller andre samanslutningar.

Spelemidlar

Før søknad kan sendast inn må anlegget meldast inn og det må søkast om førehandsgodkjenning. 

Fristar for spelemiddelsøknadar:

  • 1. september: Frist for innmelding av anlegg til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i Bø kommune, for å bli del av handlingsprogrammet til planen.Handlingsprogrammet skal til politisk behandling i kommunestyret.
     
  • 1. november: Frist for søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning til Bø kommune. Nokre anlegg vil også krevje førehandsgodkjenning frå Kulturdepartementet.
     
  • 1. desember: Søknadsfrist for innsending av elektronisk søknadsskjema med godkjende vedlegg er.

Meir informasjon, malar og elektronisk skjema finn du på: https://www.anleggsregisteret.no/

Tips og råd:  www.godeidrettsanlegg.no

Fondsmidlar til regionale og interkommunale idrettsanlegg

Frå og med 2017 utlyser Telemark fylkeskommune ut fondsmidlar til regionale og interkommunale idrettsanlegg. Søknadsfrist er 1. desember 2017. 

Det kan søkast om planleggingsmidlar for å vurdere utbygging av nye idrettsanlegg med regional betydning. Med regional betydning meinast anlegg som vil kunne brukast av innbyggjarar på tvers av kommunegrenser og som det ikkje finst eller er behov for fleire av i kvar kommune.

Les meir om ordninga på nettsida til Telemark fylkeskommune.

Sist endra 19.11.2018

Kontaktpersonar

Sindre Flø

Prosjektleiar

Jon André Hesthag

Byggesakshandsamar

Åpningstider

Kulturkontoret har opent:
Mån - fre 09.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 34 (2.etg i Gullbring)
3801 Bø

Telefon:
35 05 90 00
E-post: 
postmottak@bo.kommune.no