Bø kommune har eit mangfaldig kulturtilbod og ei aktiv befolkning med sterkt engasjement. Gullbring kulturanlegg er bygdas populære kulturhus og idrettsarena, ein open møteplass for alle; her finn du også kino, kulturkontor og kulturskulen. Bø bibliotek har tilhald like ved Bø torg. Gullbring ligg i Bø sentrum med Evjudalen friluftspark, universitetet Campus Bø, Bø hotell, idrettsanlegg, skatepark og barnehagar tett på.
Frivillige lag og foreiningar driv eit mangfald av aktivitetar, møteplassar og anlegg innanfor sport, idrett, friluftsliv, kulturminne og kunst og kultur. Eit godt samspel med frivillige lag og institusjonar er høgt prioritert. Bø kommune blei kåra til Norges kulturkommune i 2005. Bø skårar også høgt på Telemarkforsking sin Kulturindeks. Dette er eit godt utgangspunkt for å utvikle lokalsamfunnet vidare med fokus på kreativitet, livskvalitet, gode opplevingar og folkehelse. Med kulturfaglege forskings- og studiemiljø på Universitetet i Søraust-Noreg, Telemarksforsking og ulike regionale aktørar, vil Bø vere eit naturleg tyngdepunkt for regionens kulturliv i framtida; ein open, aktiv og inkluderande kulturregion.